ID 958 - Einingsleiar
ID 958 - Einingsleiar
Sist endret: 17.07.2019 Del på Facebook Del på Twitter Send Epost Skriv ut
Mellom fjord og fjell sentralt i hjarta av Vest-Telemark, ligg Kviteseid kommune. Vakker natur med Telemarkskanalen og skisportens vogge har gjort reiseliv til ei viktig næring. Kommunen har eit godt tenestetilbod som skårar høgt på nasjonale rangeringar. Eit omfattande interkommunalt samarbeid, der mange tenester er lokalisert i kommunen, gjev grunnlag for god kvalitet og spannande faglege nettverk.
Kviteseid har fleire kompetansemiljø innan offentleg tenesteyting: Barnevernsamarbeidet i
Vest-Telemark og Vest Telemark PPT. Kviteseid har landets einaste samlokalisera domstol med Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark Jordskifterett. Kviteseid er også kontorstad for fleire regionale samarbeidstiltak som Vest-Telemarkrådet, Telemark Næringshage. Kviteseid har vidaregåande skule, Kvitsund Gymnas.
LEDIG STILLING
Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:
Einingsleiar , ID 958 , 100% fast stilling, ledig frå 01.10.2019.
Arbeidsoppgåver:
- Fag-, personal-, budsjett-, og økonomiansvar for eininga
- Leie og motivere medarbeidarane
- Medverke til god samhandling mellom einingane i PLO
Deltaking på leiarnivå i kommunen.
Me søkjer ein autorisert sjukepleiar som har/er:
- Leiarutdanning/leiarerfaring
- Gode faglege kunnskapar
- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Fleksibel, god på refleksjon og er løysingsorientert
- Tydeleg leiar
Me kan tilby:
- Ein utfordrande og spennande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Olav O. Kaasa på tlf.: 350 68 130/913 01 556.
Søknadsfrist: 18.08.2019