Sykkylven vgs - Lærling IKT servicefag
Arbeidsstad
Sykkylven vidaregåande skule har frå 15.08.2019 ledig 100% stilling som lærling i IKT-servicefaget med 2 års læretid.
Opplysningar om stillinga
Sykkylven vgs har ein moderne serverpark og ynskjer å ligge i frokant av den teknologiske kvardagen.
Du som lærling vil få god oppfølging og ein variert kvardag.
Vi har til ei kvar tid to lærlingar, ein førsteårs-og ein andreårslærling.
Høg lærekurve. Du lærer nye ting kvar dag.
IT-support/1. linje helpdesk for tilsette og elevar.
Installasjon, dokumentasjon og vedlikehald av skrivarar, maskiner og programvare.
Installasjon, dokumentasjon og vedlikehald av nettverk og infrastruktur.
Utarbeide IKT-kurs og instruksjonsmateriell for brukarar.
Anna Arbeid etter læreplanen
Krav til kompetanse
Har fullført og greidd Vg2 IKT-servicefag.
Har god fagleg kompetanse, og er lærevillig.
Kan jobbe sjølvstendig og er løysingsorientert.
Er god til å samarbeide, og er punktleg og pliktoppfyllande.
Er omgjengeleg, positiv og har godt humør.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt og allsidig arbeidsmiljø med god oppfølging og veiledning og givande og spanande arbeidsoppgåver.
Vi har moderne IT-løysingar og proffesjonelle samarbeidspartnarar.
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon.
Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Om bedriften
Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med omlag 300 elevar fordelt på fire programområde: studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, design og håndverk, samt elektrofag.Skulen er ein pioner innan internasjonalisering og entreprenørskap. Inneverande skuleår samarbeider skulen med to internasjonale prosjekt, Erasmus+ i samarbeid med fire land, og Nordplus i samarbeid med Danmark. Elevane opplever entreprenørskap gjennom å starte spanande ungdomsbedrifter der lokale bedrifter bidreg aktivt.