Søker hjulmaskin sjåfør
I ein travel kvardag med mange spennande prosjektar i vente, søkar me etter fleire dyktige medarbeidarar. Nå er me på jakt etter
ein dyktig maskinførar til hjulmaskinen vår. Me søkar deg som har mykje kunnskap, står på og ønskjer å vere med oss på mange spennande prosjektar.
Me kan tilbud 4 dagar vekers reisejobb med ordna buforhold.
Om bedriften
Brødrene Flatebø leverer tenester til lokale bedrifter, private og offentlege aktørar innan veg og tunnel, vasskraftutbygging, dyrking, industritomter og kommunaltekniske anlegg. I tillegg utfører vi store knuse- og sorteringsjobbar med vårt mobile steinknuseverk.