Borgund vgs - 80% fast stilling som fagarbeidar på Restaurant og matfag
80 % fast stilling som fagarbeidar på Restaurant og matfag frå 01.08.21
Arbeidsoppgåver
- Fagleg rettleiing av elevar i praktiske og teoretiske programfag på Vg1 og Vg2 innan restaurant- og matfaga.
- Støtte faglærarar i oppgåver knytt til opplæringa og opplæringsstiuasjonen i verkstad / kjøkken og klasserom.
- Andre faglege oppgåver i verkstad / kjøkken og klasserom
Vi søker deg som har
- Fagbrev innan restaurant- og matfaga.
- Gode evner til samhandling med elevar og lærarar.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
- Løn etter tariff (HTA kap 4 stillingar).
Om skolen
Borgund vgs. er ein yrkesfagskole med 900 elevplassar og 100-200 plassar for vaksne kandidatar. Skolen som ligg i Fremmerholen, har 215 tilsette. Sjå meir på www.borgund.vgs.no.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.