Operatører ved operasjonssentralen
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operative tenester, er det ledig eit antall faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 SKO 1461/1459/1457 med funksjon som operatør. Dei mellombelse stillingane er vikariat med forventa varigheit på eitt år med moglegheit for forlenging. Stillingane er plassert ved Seksjon for operative tenester ved operasjonssentralen og inneber turnusteneste.
Seksjon for operative tenester ved operasjonssentralen består av tre avsnitt med tre team på kvart avsnitt. Kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar. I tillegg er Avsnitt for fag og metode leia av avsnittsleiar med personalansvar for fagleiar samband, instruktørar samt telefonsentralen. Samla sett vil det være om lag 70 tilsette ved seksjonen. Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama.
Arbeidsoppgåver
- Svara på alle førespurnader til operasjonssentralen samt koordinere og gjennomføre oppdrag under leiing av oppdragsleiar og operasjonsleiar
- Delta aktivt i operasjonssentralen sine arbeidsoppgåver
- Arbeid i samsvar med styrande dokument, planverk og bruksplan for PO. Motta, formidle og føre operative meldingar
- Døgnbasert naudmeldeteneste (112) og handsame alarm- og overvakingsanlegg
- Bidra til å setje i verk naudsynt straksetterforsking
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål fra Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk på lenke for vedlegg)
- Minimum 2 års erfaring som tilsett i politiet og/eller erfaring som operatør ved operasjonssentral med godkjent operatørkurs frå politiet
- Gode kunnskapar om politidistriktet sitt plan- og instruksverk
- Gode IT- og systemkunnskapar
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- Må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast for HEMMELEG
- Erfaring frå politiarbeid, herunder ordensteneste og etterforsking blir vektlagt
- Erfaring frå operasjonssentralen er ein fordel
- Kjennskap til politiet sine data- og beredskapssystem er ein fordel
Personlege egenskapar
- Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Gode kommunikasjonsevner og god på å byggje relasjonar
- Må kunne arbeide godt i team og vere løysingsorientert
- Gode sosiale evner som fremjar trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- Personleg egnethet, potensiale og motivasjon for stillinga vil bli tungt vektlagt
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457, frå 407 900,- kr til 543 500,- kr brutto per år. Endeleg lønnsplassering avheng av kvalifikasjonar og ansiennitet. Eventuelle funksjonstillegg gis i samsvar med lønnspolitisk handlingsplan.
- Grunnopplæring som operatør i operasjonssentralen og innføringsperiode
- Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og Pb3.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
Politiet meinar at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidere som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrerbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllende CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrerbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterar i sine årsrapportar.
Du kan lese meir på arbeidsgiverportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysninger om deg kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Ref. nr: 22/183866
Kontaktinformasjon
Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker, Avsnittleiar, 93496579Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk CV/søknad, 55556300, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vest politidistriktReferansenr.:4566043998
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 16.10.2022
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.