Er du vår nye overlege?
Radiologisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege - Radiologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
100% fast stiling som overlege i radiologi – Førde sentralsjukehus.
Er du spesialist i radiologi og på jakt etter nye utfordringar i eit fagmiljø med høg kompetanse og godt samhald? Ønskjer du ein kvardag med fagleg utvikling, brei praksis og eit inkluderande arbeidsmiljø?
Då kan overlegestillinga ved radiologisk seksjon i Førde vere noko for deg! Treff nokre av våre tilsette i denne flotte videosnutten!
Kvifor velje Førde?
Hos oss får du
- Ein variert og spennande arbeidskvardag med breitt spekter av undersøkingar og prosedyrar
- Moglegheit til å påverke fagleg utvikling og delta i forsking og kvalitetsarbeid
- Eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og verdsett
- Tett samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med låg terskel for å dele kunnskap og stille spørsmål
Stillinga som overlege innheld vakt. Vi er fleksible i høve oppstartstidspunkt.
Dette tilbyr vi:
- Ei fast overlegestilling i eit sterkt og stabilt fagmiljø
- Gode moglegheiter for vidareutvikling innan fag og undervisning
- Deltaking i vaktordning med fleksibilitet og god balanse mellom arbeid og fritid
- Rekrutteringstillegg og konkurransedyktige vilkår
- Sosiale arrangement og eit kollegium med mykje humor og støtte i kvardagen
Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kven passar stillinga for?
Vi ser etter deg som:
- Er ferdig spesialist i radiologi
- Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
- Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børge Stavland, Avdelingssjef, +47 57839393Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4988340908
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Børge Stavland
Avdelingssjef
+47 57839393
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fbd0316-0901-4c5b-aab7-0f6d5b31aa24
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0805bb04cb57494a99c86a904308469f