Ferievikar innbyggjarservice
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Ferievikar innbyggja Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Alver kommune søkjer to ferievikarar som kunderettleiarar til innbyggjarservice i Knarvik senter. Vi er på jakt etter deg som likar å jobbe med menneske som trives med å gjere administrative oppgåver, gje informasjon, hjelpe innbyggjarar og kollegaer. Du ser moglegheiter og er ein problemløysar av natur.
Om arbeidsstad og arbeidstid
I Alver kommune er det innbyggjarservice i Knarvik senter og på kommunehusa på Frekhaug og Manger. Du vil i hovudsak vere lokalisert i innbyggjarservice i Knarvik senter.
Arbeidsperiode frå 22. juni til 14. august. Arbeidstid frå kl. 08.00 til 15.00.
Arbeidsoppgåver
Som kunderettleiar hjelper du innbyggjarar og kollegaer gjennom fleire kanalar med å finne informasjon. Du rettleiar, viser til rett sakshandsamar, rettleiar i samband med skjemautfylling og gjer informasjon om kommunen.
Kvalifikasjonskrav
For begge stillingane ønskjer vi deg som har relevant høgskuleutdanning eller studerer på universitet/høgskule og gjerne har erfaring innanfor service.
Dine personlege eigenskaper vert tillagt vekt. Du er serviceinnstilt og likar hektiske arbeidsdagar. Samstundes er du ein problemløysar av natur, god til å prioritera arbeidsoppgåver og du er fleksibel. Du har gode samarbeidsevner og gode språkkunnskaper (minst engelsk munnleg).
Vi tilbyr
Løn basert på ansiennitet og kompetanse
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anne Dahle Austrheim, Tlf: +47 97774630, Epost: anne.dahle.austrheim@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.