100 % fast stilling som assisterande styrar f.t. ved Ruste barnehage
Beskrivelse
Trives du i ein hektisk og variert kvardag, og er du opptatt av kvalitet, utviklingsarbeid og godt arbeidsmiljø? Betyr godt og inkluderande leiarskap noko for deg? Vil du vere søker til ein av samfunnets viktigaste leiarjobb som nå er ledig? Da ønskjer vi nettopp deg som ein del av leiarskapet i Ruste barnehage.
Deler av stillinga vil inngå i avdelingane som pedagog/pedagogisk leiar, f.t. med følgjande fordeling: 60 % som assisterande styrar og 40 % som pedagog.
Arbeidsoppgåver
Som assisterande styrar vil du utfylle styrar i ansvaret med å sikre høg kvalitet i den faglege og administrative drifta av barnehagen (barnehagefagleg, personal, økonomi og resultat). Konkretisering av dine oppgåver vil bli vurdert i samråd med styrar i barnehagen.
For at du skal ha best mogleg føresetnader for å utøve dette ansvaret i tett samspel med styrar, tilsette, foreldre og barna, arbeidar vi i Nord-Fron kommune for at du skal ha gode system og støttefunksjoner rundt deg i det daglege:
- Tett og inkluderande samarbeid med styrar og tilsette i barnehagen.
- Godt samspill med fagleg stab ved Sektor oppvekst, økonomiavdeling og personalavdeling.
- Vi har eit styrarkollegium med høg kompetanse og godt samarbeid.
- Regionalt utviklingsarbeid for auka kvalitet i barnehagane
- Leiaravtale som sikrar gjensidig felles forståelse for leiaroppdraget.
Nord-Fron kommune ønsker barnehagar av høg kvalitet der barnehagens leiarskap skal bidra til at Nord-Fron kommunes barnehagar er i kontinuerlig utvikling og leverer god fagleg kvalitet innanfor vedteke ressursar til fagområdet.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar, eller høgskoleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse, jamfør barnehagelova § 24.
Det vil og vere krav om styrarutdanning til stillinga, evt. at den blir byrja på seinast i 2023.
Leiarerfaring, formalkompetanse og IT-kompetanse vil vere viktige kriterier i vurderinga av søkjarane.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi søker etter ein leiar som:
- Har evne og vilje til å ha ressursfokus - sjå moglegheiter i staden for manglar.
- Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
- Er ein tydeleg leiar, med evne til å motivere og veilede, og får folk rundt seg til å trivast.
- Er flink til å kommunisere, har evne til å etablere gode relasjonar til menneskjer rundt seg og skapar gjennomgåande tillit.
- Er interessert i å utvikle seg sjølv og arbeidsplassen, og har visjonar og engasjement for framtidas barnehage.
Vi kan tilby
- Fast stilling i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Flyttegodtgjersle.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement
og Hovudtariffavtala. - Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens
befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje
jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.