Sommarjobb for ungdom over 16 år - 2021
Stillingsannonsen er inaktiv.Askvoll kommune
6980 Askvoll
Org.nr.: NO 964968330 MVA Stillingsident: Presentasjon av stillingen : Stillingane er først og fremst eit tilbod til ungdom over 16 år, heimehøyrande i Askvoll kommune, men andre søknadar vert og vurdert. I 2021 varar sommarjobben i vekene 25 til 32 (21.6.-13.8.)
Vi trenger sommarvikarar til fleire forskjellige oppgåver:
- Vedlikehald av bygningar slik som vasking og skraping av fasade, grunning, male- og beisearbeid
- Vedlikehald av grøntanlegg slik som klipping av grøntareal, luking av ugras, klipping av busker
- Rydding av avfall
- Anna førefallande arbeid
Kva forventar vi av deg?
-
Gode samarbeidsevner og vere lærevillig.
-
Vere omgjengeleg og har ei venleg framtoning overfor kollegaer og publikum.
-
Ha god norsk munnleg framføringsevne.
-
Trivast med fysisk arbeid inne og ute i alle typar vêrforhold.
-
Ha evne til både å arbeide sjølvstendig og til å arbeide i team.
Personleg skikkaheit vert vektlagt. Det er ikkje høve til å bruke mobiltelefon i arbeidstida.
Dersom du har sertifikat på moped/bil ver venleg å informere om dette i søknaden.
Etter du har søkt
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til ein felles intervjudag så snart som mogeleg etter at søknadsfristen er ute. Svar på søknad, innkalling til intervju og eventuelt tilbod/avslag på jobb vil du få på den e-postadressa du registrerte i søknaden.
Alle som vert tilsett i sommarvikariatet må ved eventuelt behov framvise politiattest ved oppmøte første dag. Det vil verte opplyst om dette er naudsynt ved tilsetting i sommarjobben.
Ta kontakt med dei oppnemnde personane om du har spørsmål til jobben ved å trykke på ei av avdelingane øvst i menyen til høgre.
Løn i samsvar med gjeldande tariff.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Vaktmeistersentralen, Audun Strømmen, Tlf: +47 57730731, Mobil +47 93635424, Epost: audun.strommen@askvoll.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Askvoll kommune
Adresse
6980 Askvoll
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Om stillingen
Antall stillinger
6
Oppstart
14. juni 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 30. mai 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2697259dep140355_Askvoll kommune_stepstone
Stillingsnummer: 0ecf1ac0-4c6e-4b30-8f28-4409c5f78b11