Autorisert sjukepleiar. 100% fast stilling ved Utgreiingsmottak 1 i kombinasjon med Bemanningssenteret
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
Bergen
Utgreiingsmottak 1 (UMO 1) har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar. Pt. er 80% av stillinga er knytt til UMO 1 medan 20% er knytt til Bemanningssenteret.
Utgreiingsmottak 1 er eit utvida mottak, eininga har 23 senger og har pasientar frå alle fagområda. Liggjetida er inntil 3 døgn. Her vert pasientane tatt i mot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar. Eit av måla for Mottaksklinikken er at pasienten skal få rett diagnose så raskt som mogleg og kome til rett behandling på rett stad.
Vi søkjer etter dyktige sjukepleiarar som ønskjer å skape tryggleik for pasientane i utfordringa og usikkerheita dei er i når dei blir akutt sjuke. Snarleg oppstart.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved UMO 1. Ved ekstrabehov ved UMO 1 vil du arbeide dei fleste av vaktene der
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte. Kontinuitet i observasjon er særs viktig i denne eininga, og du skal følgje opp pasientane og delta i utgreiing. Du vil jobbbe i team med mellom anna legar og andre helsefagarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg at du har 2 års erfaring som sjukepleiar innanfor eit eller fleire av desse områda: akuttmedisin, infeksjon, generell medisin, geriatri, kardiologi, kirurgi, ortopedi, nevrologi, nevrokirurgi og lungemedisin
- Det er og relevant med vidareutdanning innan dei same områda
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt, tilsvarande Bergens-testen, og du har god munnleg engelsk kompetanse
Utdanningsretning
- Sykepleie
- Sykepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta rette beslutningar
- Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du beheld roen og evnar å prioritere i stressande situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du må både kunne vere <> og audmjuk
- Du gir og mottar tilbakemeldingar på ein konfliktdempande måte
- Du er god til å se kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Vi tilbyr også opplæring i forhold til oppgåvene og du får ein unik moglegheit til å vere med på nyskaping i Norsk helsevesen
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Ine Skåtøy, Einingsleiar, 55971802
Venke Prytz, Ass. Einingsleiar, 55971807
Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, 97198664
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4042299036
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 24.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4042299036&company_id=2885472703&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Jonas Lies vei 72, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Sykepleier
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10005036
Stillingsnummer: 0ec14517-df5f-4d98-8ff0-806eb5eea63d