Overlege, spesialist i psykiatri
Stillingsannonsen er inaktiv.Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4198859657 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har 3 avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og Avdeling for Stemningslidingar. Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) har 5 døgnseksjonar og ein poliklinikk med team for
tidleg oppdaging av personar med schizofrenispektrum lidingar (TOPS-teamet).
Avdeling spesialisert psykosebehandling har no ledig fast 100% stilling som overlege med oppstart medio mai. Stillinga er knytt til avdeling Tidleg psykose Sandviken (TPS).
Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år, og er ein del av Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen er delt inn i to adskilte team der nokon plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagt frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling .
Seksjonen er og knytta til ulike forskingsprosjekt og det vert drive systematisk kompetanseutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med psykoselidingar
- Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksternt
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Medverke til utvikling av tenestetilbodet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Fordel å kunne vurdere og fatte vedtak om bruk av tvang
Personlege eigenskapar
- Du arbeider strukturert og målretta
- Du trivst med varierte utfordringar
- Du er fleksibel og kommuniserer godt
- Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Høgt fagleg nivå
- Anledning til fordjuping, forsking og deltaking i prosjekt
Kontaktinformasjon
Rune Andreas Kroken, Avdelingssjef, 55958400
Margaret Mary Strand, Ass. avdelingssjef, 55958778
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4198859657
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen
Adresse
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 21. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4198859657_Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen_webcruiter
Stillingsnummer: 0e7c93ac-19f0-4ccb-81fe-547c178bcb28