Landsbyen i havet søkjer nye sjukepleiar!
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Fedje -- ein landsby i havet og Noregs vestlegaste kommune, med om lag 600 innbyggjarar. Me bur tett i tett og har gåavstand til alt. Her er butikkar, kafear og uteplassar, samt skule, barnehage og sjukeheim. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!
Me søkjer ein engasjert, nysgjerrig og omsorgsfull sjukepleiar i fast 100 % stilling.
Fedje sjukeheim har tolv plasser, der to er til korttidspasientar. Heimesjukepleien er integrert del av sjukeheimsturnusen -- du får jobbe både <> og <>. Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakt og kvar tredje helg. Jobben er utfordrande fagleg sett, då me både har eldre bebuarar, men også medisinsk oppfølging av andre grupper som treng behandling lokalt.
På sjukeheimen verdset me dei gylne augeblikka og kvalitetsforbetring høgt. Me har ulike sesongfestar, konsertar og aktivitetsopplegg, som <> og eldreløpet. Me har fysioterapeut, ergoterapeut, lege og aktivitør tilknytt sjukeheimen -- og sjølvsagt eige kjøkken med kokk! Me innfører no ny velferdsteknologi og jobbar med kunnskapsbasert praksis, som skal gje brukarane våre eit enda betre tilbod. På Fedje er det godt å vere på jobb, og du kan gå heim med godt samvit etter endt vakt.
Arbeidsoppgåver (ikkje utfyllande) :
-
Sjukepleiefaglege oppgåver på Fedje sjukeheim og heimetenesta
-
Planlegging og evaluering av tenesta
-
Bidra til sikring og utvikling av tenesta for å sikre brukarane sine behov, moglegheiter og rettar, og for å sikre god ressursutnytting i Fedje kommune
-
Rettleiing i faglege og etiske utfordringar
Kompetansekrav:
-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
-
Norskkunnskapar på minimum nivå B1
-
Har sertifikat til personbil
Våre ynskjer om deg
-
Du tør å ta ansvar, er positiv, løysingsorientert og likar å samarbeide
-
Du har forståing for at folk er ulike, og viser tolmod og ro i omgong med brukar, pårørande og kollegaer
-
Du ser verdien av å jobbe tverrfagleg
-
Du er nysgjerrig på velferdsteknologi og kunnskapsbasert praksis
-
Du er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
-
Du heldt deg fagleg oppdatert
-
Du er oppteken av system og forbetring
Me tilbyr:
-
Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale.
-
Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie, og delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø. Godt samarbeid og fagleg dialog på tvers av fag og einingar -- me vil vere best på å vere små!
-
Særs god pensjonsordning gjennom KLP
-
Hjelp til å skaffe bustad - eller me har overnattingsmoglegheit for deg som pendlar
-
Moglegheit for tilrettelegging av turnus
-
Gratis bruk av symjehall
-
Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule
-
Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!
Me vurderer søkjarar fortløpande.
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet! Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nadine Gutte-Preusse, Tlf: +47 56165142, Mobil +47 46846011, Epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no
Om bedriften
Fedje -- Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!