Overlege anestesi Stord sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4385128604 Presentasjon av stillingen:
Stord sjukehus har ledig 100 % fast stilling som overlege i anestesiologi.
Kan du tenke deg å busette deg på øya Stord? Her bur du nær havet og vakre vestlandsfjell, tett på byliv med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsanlegg.
Sjukehuset på Stord har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Avdelinga har om lag 2500 anestesiar kvart år og tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk samt tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Vi har og ei intensivavdeling der anestesilegane mellom anna bidreg med respiratorbehandling. Ein inngår i traumeteam og i nyfødd resuciteringsteam. Som anestesilege hos oss inngår ein pr no 5-delt vaktordning. Stord sjukehus har ikkje LIS-legar i anestesiologi.
Vi ønskjer ikkje å bli kontakta av annonseseljarar.
Arbeidsoppgåver
- Variert anestesiologisk arbeid med hovudvekt av ortopediske inngrep.
- Anestesioverlegen inngår i eksisterande vaktordning.
- Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokadar, smertebehandling, nyføddresucitering eller anna.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Spesialistgodkjenning i anestesiologi. LIS i sluttfase av spesialiseringa vert også oppmoda til å søke.
- Relevant praksis og erfaring vert vektlagd.
- Ein må kunne inngå i eksisterande vaktordning.
- Gode språkkunnskapar er eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonseevner og personleg kompetanse blir vektlagd.
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Bidrar til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på tvers av seksjonar.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Konkuransedyktig pensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Leige av bustad på sjukehusområdet, oppgi evt. behov i søknadstekst.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Fagleg utvikling gjennom løna utdanningspermisjon ihht gjeldande overeinskomst og 10 permisjonsdagar til etter- og vidareutdanning pr. år.
Kontaktinformasjon
Britt Johanne Rikstad Myklevoll, Seksjonsleiar
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4385128604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.08.2021
Søknadsfrist: 04.06.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.