ID 2256 Ferievikarar 2025 - Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Autorisert sjukepleiar, lege, autorisert helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Me har behov for lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar i perioden 23.06.2025 - 17.08.2025 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.På legevakta treng me sjukepleiarar (gjerne med minst 2 års erfaring). Medisinstudentar som har bestått 3.året. Ved døgnavdelinga treng me Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar , samt sjukepleiarstudentar.
Vår avdelingoverlege treng vikar i 4 veker. Vi søker vikarlege i den perioden ( gjerne spesialist allmenmedisin/geriatri)
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Agata Kapuscinska 40729263 eller avdelingsleiar Ingvild Boga 91727837
NB. Husk å fylle ut kva tid du ynskjer å jobbe . Søkjarar som kan jobbe heile perioden eller i 6 veker eller meir vil bli prioritert.Det blir ikkje sendt ut førebels melding ettersom det kjem søknader inn heile tida.
Alle ferievikarar må leggja fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2779369
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0e0f6191-b6c3-4778-8271-d0357b9fe8aa