Sjukepleiar/vernepleiar - Fast 100 % stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4414277545 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig.
Stillinga er tilknytt heimetenesta avdeling Borgund med turnusarbeid dag, kveld og 3. kvar helg
Arbeidsoppgåver
- Bidra til forsvarleg pleie til brukar.
- Handtere/hjelpe i akutte innleggingar/situasjonar.
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og brukar/pårørande.
- Samarbeide med fastlegar og sjukehus pluss anna tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Den som blir tilsett må ha førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg).
- Kan jobbe sjølvstendig og effektivt, både aleine og i team.
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel.
- Vilje til å stå på.
- Bidrar til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for brukarane.
- Du må vere strukturert og løysningsorientert
- Sjølvstendig og fleksibel.
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling.
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fokus på kvardagsmeistring.
- Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø.
- Kompetanseheving og fagutvikling.
- Mulegheiter for å ha innverknad på tenestetilbod.
- Godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Ann Elin Melbø Myklebust, Verksemdsleiar, 70 16 31 55/ 901 41 650
Gerd Cathrin Pilskog, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Vågaveien 27
6008 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4414277545
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.