Koordinator for unge vaksne
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverke til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
AiR-klinikk har fem tverrfaglege team beståande av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
Vil du vere med og bidra til å løyse ei av dei viktigaste samfunnsutfordringane?
· Vere ansvarleg for koordinering av AiR sitt tilbod til unge vaksne, og bidra til vidareutvikling av tilbodet i samarbeid med klinikkleiinga og utviklingsrådgjevar
· Utvikle samarbeid med strategiske og faglege partnarar innan helse- og arbeidsfeltet
· Marknadsføre tilbodet
Koordinatoren må minimum ha bachelorgrad, eller tilsvarande unik realkompetanse. Me er opne for ulik fagleg bakgrunn, men koordinatoren bør kunne vise til erfaring frå / med:
· Arbeid med unge vaksne
· Samtalefasilitering
· Utviklingsarbeid
· Tverrfagleg teamarbeid
· Arbeidsretta tiltak i eit helseperspektiv
Personlege eigenskapar vil vere viktige.
Me tilbyr:
· Eit utviklande og utviklingsorientert fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
· Høve til fagleg vidareutvikling
· Fast stilling
· Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
· Hjelp til å skaffe møblert bustad
Me ser fram til å høyre frå deg
For meir informasjon, kontakt:
Assisterande leiar klinikk Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Søknadsfrist: 21.02.2021
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsarbeidet og av våre tilsette i fritida. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar. Senteret har ca. 65 årsverk og 85 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.