Avdelingsdirektør - kulturformidling og informasjon
Org. nr: - Stillingsident: 4297663303 Presentasjon av stillingen:
Nasjonalbiblioteket er eit multimedialt kunnskapssenter som har i oppgåve å ta vare på og gjere den norske kunnskaps- og kulturarven tilgjengeleg. Det vil seie publisert innhald på alle medieplattformer: bøker, tidsskrift, aviser, musikk, film, foto, kringkasting og nett. Basert på dette, og i rolla som statleg styresmakt, har Nasjonalbiblioteket også som oppdrag å utvikle og setje i verk ein nasjonal bibliotekpolitikk.
Med multimedialt innhald og digital formidling som særtrekk har Nasjonalbiblioteket som mål å vere eit av Europas mest spennande og moderne nasjonalbibliotek.
Nasjonalbiblioteket har 535 tilsette plassert i Oslo og Mo i Rana og eit budsjett på rundt 600 mill kr.
Som medarbeidar i Nasjonalbiblioteket får du vere med i prosessen med å forme ein sentral kulturinstitusjon i byrjinga av det 21. århundre.
Avdelingsdirektør - kulturformidling og informasjon
Nasjonalbiblioteket er inne i ei spennande utvikling der vi hentar den norske kultur- og kunnskapsarven inn i samtidas offentlege rom. Dette skjer gjennom eit veksande digitalt bibliotek, ei aktiv publiseringsverksemd og eit omfattande publikums- og utstillingsprogram i lokala våre på Solli plass i Oslo. Samstundes aukar Nasjonalbiblioteket innsatsen på forsking og den forskingsbaserte formidlinga.
Til å leie avdeling for kulturformidling og informasjon, lyser vi no ut stilling som avdelingsdirektør.
Avdelinga har ansvar for Nasjonalbibliotekets formidlingsprogram, publiseringsverksemd, utstillingsprogram og informasjons- og pressearbeid, og har eit tyvetals medarbeidarar. Nasjonalbiblioteket er inne i ein fase med aukande satsing på desse områda og vi søkjer ein avdelingsdirektør som har kunnskap, erfaring og ambisjonar om å setje sitt preg på satsinga. Vi forventar at avdelingsdirektøren kjem med sjølvstendige bidrag for å styrke dette arbeidet.
Direktør for kulturformidling og informasjon skal kombinere tett arbeidsleiing i ei lita avdeling med strategisk og praktisk samarbeid med andre einingar og fagpersonar i heile organisasjonen. Den vi søkjer bør ha erfaring frå strategisk leiing i liknande institusjonar eller frå liknande fagfelt.
Arbeidsoppgaver
- Ansvar for utvikling av Nasjonalbibliotekets aktive kulturformidlingsprogram til publikum.
- Budsjett- og personalansvar for avdelinga.
- Pressekontakt og generelt informasjonsarbeid.
- Delta i Nasjonalbibliotekets leiargruppe og fungere som rådgjevar for direktøren på relevante område.
Kvalifikasjoner
- Relevant erfaring, på strategisk nivå, frå eitt eller fleire av ansvarsområda til avdelinga.
- Relevant utdanning på masternivå eller tilsvarande (realkompetanse kan erstatte formell grad).
Personlige egenskaper
- Vi søkjer ein person med høg arbeidskapasitet, gode sosiale eigenskapar og erfaring med strategisk leiing og budsjettansvar. Vi ønskjer oss ein avdelingsdirektør som er tydeleg og god til å samarbeide.
- Av omsyn til kjønnsbalansen og breidda i Nasjonalbiblioteket si leiargruppe oppfordrar vi kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søkje på stillingane.
Arbeidssted: Oslo. Ein må rekne med reising til Mo i Rana.
Språk: Søkjaren må meistre norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Høve til å forme kulturformidlings- og informasjonsarbeidet i ein av landets største kulturinstitusjonar.
- Løn som avdelingsdirektør (st.kode 1060), ltr. 55 til 101. Aktuell lønnspl. for denne stillinga er 78 til 88 som for tida utgjer kr. 765 100 til 1 014 900 pr. år.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
Kontaktinformasjon
Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar, 91 31 92 71, aslak.myhre@nb.no
Roger Jøsevold, Assisterande nasjonalbibliotekar, 97 53 71 86, roger.josevold@nb.no
Spørsmål om søknad og CV, personal@nb.no
Arbeidssted
Henrik Ibens gate 110
0255 Oslo
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Nasjonalbiblioteket
Referansenr.:4297663303
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om bedriften
Nasjonalbiblioteket er en av landets største og viktigste kulturinstitusjoner, og en av de fremste kildene til kunnskap om Norge og norske forhold. Med forankring i pliktavleveringsloven samler og bevarer vi det som er publisert i Norge innenfor alle medietyper, som bøker, tidsskrifter, aviser, musikk, film, foto, i kringkasting og på nett. I kraft av samlingen og ved å gjøre den tilgjengelig via digitale tjenester, danner Nasjonalbiblioteket grunnlag for dokumentasjon, forskning og læring, og bidrar til å skape identitet og tilhørighet.
Nasjonalbiblioteket skal bidra til å videreutvikle norske bibliotek som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjoner, og har som mål å være et av Europas mest spennende og moderne nasjonalbibliotek.
Vi har 535 ansatte i Oslo og Mo i Rana, og et budsjett på 680 millioner kroner.
Nasjonalbiblioteket ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen, og deltar i regjeringens inkluderingsdugnad. Vi oppfordrer derfor kvalifiserte kandidater til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hull i CV. Arbeidsforholdene vil bli lagt til rette for medarbeidere med nedsatt funksjonsevne.
Opplysninger om nedsatt funksjonsevne eller hull i CV kan bli brukt til registreringsformål. Navn på alle søkere kan bli offentliggjort selv om søker har bedt om ikke å bli ført opp på den offisielle søkerlista, jf. Offentleglova § 25. Kopi av attester og vitnemål må vedlegges søknaden, og originaler fremlegges ved intervju.