Undervisningstilling Vossestrand barne- og ungdomsskule
Skuleåret 2019/2020 er det ledig 1-2 undervisningsstillingar, samla inntil 150 %, ved Vossestrand barne- og ungdomsskule.
Det vert lyst med atterhald.
Om arbeidsstaden
Skulen er 1-10 skule med 160 elevar. Skulen ligg ved E-16 19 km nord for Voss sentrum. Betre læringsmiljø er skulen sitt satsingsområde.
Arbeidsoppgåver
Delar av stillinga er lagt til ungdomstrinnet som faglærar i norsk, matematikk, samfunnsfag, Krle og naturfag.
Me søkjer
Fagleg kompetanse:
Relevant høgare pedagogisk utdanning. Delar av stillinga er lagt til ungdomstrinnet som faglærar i norsk, matematikk, samfunnsfag og Krle og naturfag.
Personlege eigenskapar
-er tydeleg klasseleiar
-er fagleg dyktig
-kan samarbeide godt med andre
-har godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.