SFO-leiar
Org. nr: - Stillingsident: 4366698091 Presentasjon av stillingen:
Frå 1.august vil det ved Larsgården skole og SFO vere ledig stilling som SFO-leiar. SFO-leiaren har ansvaret for den daglege drifta av SFO i samarbeid med leiinga ved skulen. Frå hausten vil det vere rundt 80 barn i SFO. Ein del av stillinga vil også kunne bli lagt til dei lågaste trinna i skulen.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling av innhaldet i SFO i tråd med ny rammeplan for SFO.
- Organisere vaktplanar for SFO, og sørge for vikarinnkalling i samarbeid med leiinga ved skulen.
- Delta i faste administrasjonsmøter i verksemda.
- Personaloppfølgjing av dei tilsette i SFO.
- Leie personalmøter i SFO.
- Følgje opp det administrative knytt til SFO, betaling, plasstypar, etc i IST.
- Dialog med føresette gjennom ulike platformar.
- Samarbeide med kontaktlærarane på småtrinnet om samkøyring av tema og organisering i overgongar knytt til skule/SFO.
- Delta i nettverk for SFO-leiarar.
- HMS i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor.
- Erfaring frå skule og barnehage er ein fordel.
- Trygg og god på digitale verkty.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein initiativrik, strukturert og samlande leiar.
- Sjå gode løysingar innanfor knappe rammer.
- Glad og interessert i barn og deira utvikling.
- Ein sjølvstendig igangsettar og pådrivar av gode prosjekt.
Vi tilbyr
- Ein oversiktleg skule med gode uteområder for variert aktivitet.
- Rom for å kome med eigne idear om utvikling av SFO.
Kontaktinformasjon
Ole Henrik Wahlquist, Verksemdsleiar/Rektor, 70 16 29 81
Arbeidsstad
Husafjellet 11
6009 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4366698091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.