Brønnbåtkoordinator
Org. nr: - Stillingsident: 4347008704 Presentasjon av stillingen:
Bremnes Seashore AS har som mål å vera leiande på produksjon av ferske kvalitetsprodukt frå laks. Norges største merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølje.
Bremnes Seashore har investert i auka brønnbåt kapasitet for å sikre den nødvendige kapasiteten til ulike operasjoner på sjø framover. Som Brønnbåtkoordinator vil du inngå som ein del av eit team som jobbar med å planlegge, følgje opp og utnytte flåten vår på ein optimal og forsvarlig måte. Teamet skal sørge for å utnytte dei ressursane me har tilgjengeleg for å gjennomføra operasjonar knytta til logistikk på sjø. Dette inkluderer smolt transport, føring av slaktefisk, samt behandlingsoperasjonar. Teamet er og ansvarleg for å innhente eksterne kapasitetar og båtar etter behov
Utanom det operasjonelle ansvaret teamet har for å optimalisere utnyttelsen av flåten, ligg det og eit administrativt og kommersielt ansvar for å følgje opp forpliktelsar og økonomien i flåten.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av brønnbåtoperasjoner
- Oppfølging internt og eksternt i forbindelse med gjennomføring av operasjonar
- Utleige av ledig kapasitet både til samarbeidspartnarar og andre aktørar
- Innhenting av eksterne kapasitetar (først og fremst brønnbåtar) etter behov
- Oppfølging av rederi og båtar
- Økonomioppfølging på båtar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå marin logistikk og/eller oppdrett er ønskelig men ikkje et krav
- Sjølvstendig, målretta og resultatorientert
- Utadvent med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Positiv haldning til lagarbeid i eit tverrfagleg miljø
- Innovativ, løysningsorientert og stå-på-vilje
- Grunnleggjande IT-kunnskap
Vi tilbyr
Me tilbyr ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen. Du vil få konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikla deg i ei framtidsretta bedrift. Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Vidar Helvik på tlf.: 41492579.
Kontaktinformasjon
Vidar Helvik, Produksjonssjef, Sjø, vidar@seashore.no
Arbeidsstad
Øklandsvegen 90
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bremnes Fryseri
Referansenr.:4347008704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2021