Helgestillingar 13-25%
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Lerketun./Nordgards Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Me er på jakt etter deg som ynskjer å arbeide helg og likar å jobbe med menneskjer samt vil bidra til at sjuke og eldre får ein så god kvardag som mogleg.
Om arbeidsplassen
Meland sjukeheim ligg på Frekhaug og er ein av fire sjukeheimar som frå 01.01.20 er samorganisert i eitt tenesteområde i Alver kommune. Tenesteområdet sjukeheimar består og av sentralkjøkkenet og ressursbank. Kvar avdeling vert leia av avdelingsleiar.
Nordgardstunet har 22 somatiske sjukeheimsplassar, Lerketunet er eit bukollektiv for dei som lever med demens.
Visjon og verdiar
Meland Sjukeheim har denne visjonen: Omsorg med livsglede og kompetanse .
Våre verdiar er: Respekt -- Tillit -- Livsglede.
Arbeidsoppgåver
Som helgevikar er du ein viktig del av tilbodet som vert gitt i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjørende for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie.
Ønskt kompetanse
Det er eit føremon om du har erfaring frå arbeid i sjukeheim eller anna omsorgsarbeid. Vi ser og særleg etter deg som er under helsefagleg utdanning, eller har ambisjonar om å gjere dette i framtida. Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom fagleg fokus, løysingsfokus og fleksibilitet.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein fagperson med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du vil bidra til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Et hyggelig arbeidsmiljø
Politiattest
Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linda Abrahamsen, Mobil +47 40907665, Epost: linda.abrahamsen@alver.kommune.no
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.