Morsmålslærar/tospråkleg assistent ca. 90% stilling - Svortland skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo kommune
Bømlo
Svortland skule har midlertidig stilling som morsmålslærar/tospråkleg assistent i ca. 90% stilling for skuleåret 19/20. Stillinga er ca 25% morsmålslærar i arabisk og resten av stillinga er tospråkleg assistent. Svortland skule er ein to-parallell barneskule med om lag 350 elevar og 54 tilsette. Me har elevar frå mange ulike nasjonalitetar og i underkant av 20% av elevane har minoritetsbakgrunn. Me søkjer kandidat med tospråkleg kompetanse, som meistrar norsk munnleg og skrifteleg. Behovet for språkkompetanse gjeld arabisk, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tillegg til utdanning, språkkompetanse og erfaring frå arbeid med barn og unge. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til samtale. Det må leggjast fram gyldig politiattest ved tilsetjing. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Kontaktperson: rektor Kari Østensen 53 42 37 02 / 993 86 606
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Adresse
Idrettsvegen 100, 5430 Bremnes
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 14. juni 2019
Hentet fra: bomlo.kommune
Referanse: 90-stilling-svortland-skule232320
Stillingsnummer: 0cc01f90-aa18-4280-8861-ca0777c55c03