Avdelingsleiar for helse-/oppvekst- og idrettsfag
Org. nr: 974571145 Stillingsident: 4218402633 Presentasjon av stillingen:
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er om lag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 530 elevar. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 010820 har vi ledig stilling som avdelingsleiar for helse-/oppvekst- og idrettsfag.
Stillinga inngår i leiargruppa, og i tillegg til avdelingsansvar ligg det fellesoppgåver knytt til skulemiljø, sosialpedagogisk arbeid og undervisning i relevante fag.
Stillingsstorleiken er 100%, og til stillinga ligg det:
- Personal- og fagansvar for lærarar inn helse- og oppvekst og Idrettsfag samt for ulike funksjonar innan skulen sitt skulemiljø og sosialpedagogiske arbeid
- Oppfølgingsansvar for klassar innan fagområda
- Undervisning i relevante fag - omlag 40%. Den som vert tilsett må såleis både ha fag- og pedagogisk kompetanse
- Deltaking i felles arbeid i leiargruppa
- Deltaking i felles leiar- og kompetanseutvikling
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar med fag- og personalansvar vil sentrale oppgåver for deg m.a. vere:
- Disponering av arbeidstid og fagfordeling
- Permisjonshandtering og vikarinnhenting
- Personalutvikling og personalomsorg
I den pedagogiske drifta av avdelinga ligg m.a
- Fagleg rettleiing knytt til fagutvikling, planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga.
- Informasjonsflyt til/frå eigne tilsette
- Saman med faglærarane, å legge til rette for utplassering i yrkesfagleg fordjuping og støtte i arbeidet med overgang til læreplass
I den sosialpedagogiske drifta av avdelinga ligg det m.a.
- Oppfølging av elevundersøkinga, læringsmiljøkartlegging og tiltak for eigne klassar og elevgrupper
- Handtere elevsakar i tett samarbeid med sosialpedagogisk team
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har visjonar om kva som er ein god skule for elevar og tilsette, og korleis ein kan realisere dette gjennom arbeidet i profesjonsfelleskapet. Du må ha høgare utdanning, undervisningskompetanse i relevante fag, og kjennskap til arbeidsområda som ligg til stillinga.
I fagfornyinga er folkehelse og livsmeistring sentrale område som og vert spegla i helse/oppvekst/kroppsøving og idrett og det vert vektlagt evne til å kunne realisere overordna målsetjingar innan området. Arbeidsområdet med skulemiljø og sosialpedagogisk arbeid er sentralt i skulen, og kjennskap til skulen sine arbeidsoppgåver innan området er viktig.
Både skuleleiing, klasseleiing og fagleiing oppstår i møte med einskildmenneske og vi ønskjer du er tydeleg avdelingsleiar og har rettleiiande veremåte som opner opp for at både lærarar og elevar kan vekse og lukkast i arbeidet sitt.
Flora vidaregåande skule ønskjer å vere ein bidragsytar inn mot lokalsamfunnet. Kontakt med relevant arbeidsliv og frivillig-sektor er viktig.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har ein interessert, lyttande og rettleiande væremåte, og som samstundes er sjølvstendig og effektiv i iverksetjing. Som leiar må du vere besvisst ansvaret det ligg i å skulle leie andre, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa for elevane. Du må meistre digitale hjelpemiddel og vere nysgjerrig på fag- og teknologiutviklinga innan sektoren.
Fagområda innan helse/oppvekst/kroppsøving og idrett, så vel som området sosialpedagogisk arbeid, er i stadig utvikling. Fagleg oversyn krev fagleg interesse og evne til breiddeorientering.
Skulen er ein plass der ulike omsyn må heile tida må vegast mot kvarandre og det er viktig at du som leiar er lojal mot avgjerder og styringssignal.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igongsett. Dette vert avklara før tilsetting.
For meir informasjon om stillinga kontakt rektor Knut Chr. Clausen tlf 41 53 06 84.
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen, rektor , 41530684
Arbeidsstad
Professor Gjeldsvik v.
6900 FLORØ
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218402633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2020