Ledig stilling som instruktør i 80% fast stilling ved Brennabu leirskule
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4437892336 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med i teamet på Norges største leirskule?
Vi har ledig stilling som instruktør i 80% fast ved Brennabu leirskule frå 01.01.22.
Det er ikkje krav om lærarutdannning i instruktørstillinga.
Arbeidsoppgåver
Opplæring i ulike aktiviteter for leirskuleelevar i mangfaldig friluftsliv ved leirskulen
Opplæringen følgjer skuleåret, er allsidig og varierer med årstidene
Kvalifikasjonar
Det er ønskelig at du:
har allsidig erfaring og / eller utdanning innan friluftsliv eller kroppsøving
har god evne til å leie elevgrupper sjølvstendig i varierte friluftsaktivitetar
har god praktisk sans. det kan også vera å vedlikehaldsoppgåver som snekring, og skruing på utstyr, maskiner, syklar og klatrepark
gjerne er skiinstruktør, breførar, kanoinstruktør eller liknande
har gode fysiske føresetnader for å leie alle dei aktivitetane som leirskulen tilbyr
har, eller er villig til å ta brattkort innan klatring, då vi har mange klatreaktivitetar
Det er nødvendig med god evne og kjennskap til bruk av digitale verktøy.
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Personlege eigenskapar
ha stå på vilje og engasjement
ha evne til å samarbeide og kommunisere på ein trygg og god måte
ha evne til å skape trivsel omkring seg
vere positiv, fleksibel og løysningsorentert
vere raus og utvise tolmod
vere glad i uteliv heile året
Vi tilbyr
ein spennande, variert og morosam jobb
god opplæring vil bli gjeve
lønn etter tariff, elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale
gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Audun Myrvold, Rektor, 95202117
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4437892336
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.01.2022
Søknadsfrist: 24.10.2021
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.