Sjukepleiarar og helsefagarbeidar
Er du nyutdanna eller erfaren sjukepleiar, eller kanskje du er utdanna helsefagarbeidar og har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga? Då er du velkomen til å søke stilling hos oss!
Skjerma eining har 28 plassar til personar med demenssjukdom. Dette er ei eining for deg som har interesse for aldersdemens.
Vi har følgande ledige stillingar:
- 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar, den eine er ledig frå 13.05.2019 og den andre frå 24.06.2019.
- 65 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 12.08.2019.
Stillingane er for tida i 2-delt turnus.
Krav til søkar:
- autorisert sjukepleiar/helsefagarbeidar
- samarbeidsvillig, engasjert, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Vi søker deg:
- som har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorg
- har erfaring frå liknande arbeid
- har kjennskap til data, vi brukar fagprogrammet Gerica
Søknaden må innehalde referanse.
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gunnvor Solheim Hjelkrem, Tlf: +47 57021283, Mobil +47 47467361, Epost: gunnvor.solheim.hjelkrem@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde helsetun er ein moderne sjukeheim som har eit godt fagmiljø med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar.