Avdelingsleiar - Vestre Lurane bufellesskap
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter. Ved Vestre Lurane Bufellesskap er det frå snarast ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar.
Vestre Lurane er eit bufellesskap med 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har bufellesskapet ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar og ei avlastningsleilighet. Avdelinga har i overkant av 20 årsverk, og har også funksjonen assisterande avdelingsleiar som har ansvar for å drifta av avdelinga saman med avdelingsleiar.
Stillinga som avdelingsleiar er på dagtid.
1. Stillinga si næraste organisatoriske plassering:
Næraste overordna er einingsleiar
2 . Kvalifikasjonar:
- 3-årig helse eller sosialfagleg bachelor utdanning, fortrinnsvis vernepleiar
- Breid erfaring med arbeid med personar med utviklingshemming
- Leiarerfaring - Ønskeleg med vidareutdanning innen leiing, rettleiing og/eller relevant vidareutdanning for arbeid med personar med utviklingshemming
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Eigenskapar: Vi søkjer ein dyktig leiar som:
- Har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
- Har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
- Har svært god evne til å planlegge, ha oversikt, organisere, koordinere og delegere oppgåver.
- Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
- Skaper gode relasjonar internt og eksternt og har evne til samarbeid
- Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede
3. Funksjon/ansvarsområde: Avdelingsleiar skal, saman med einingsleiar, vere med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast. Saman med leiarteamet har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga. Dette gjeld mellom anna ved ferieavvikling, sjukdom og andre variasjonar gjennom året.
4. Arbeidsoppgåver:
- Drifte bufellsskapet i henhold til Os kommune sine verdiar og målsetjingar
- Sørgje for ansvarleg drift innafor gitt budsjett
- Sørgje for at det vert gjeve tenester som er faglig og etisk forsvarleg
- Ansvar for dagleg drift, bemanning og timelister - Personalansvar
- Samarbeid med dei andre bufellesskapa og dagsenteret, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Sørge for forsvarleg dokumentasjon i henhold til retningslinjer
- Oppfølging av HMS arbeid - Andre praktiske oppgåver
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode høve til å vere med å påvirke og utforme ei viktig og spannande teneste
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale - Støtte og fellesskap i eininga sitt leiarteam
- En arbeidsplass som er en inkluderende arbeidslivs (IA) bedrift - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden rett sør for Bergen. Bjørnafjorden er slått saman av tidlegare Os og Fusa kommuner. Bjørnafjorden har omlag 25.000 innbyggarar og dekker eit areal på 519 km2. Kommunesenteret er Osøyro med Eikelandsosen som kommunedelsenter. Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Vi treng medarbeidarar som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier.