Politioverbetjent/Operasjonsleiar - Vest politidistrikt - Felles eining for operative tenester - Seksjon for operative tenester
Org. nr: - Stillingsident: 4030504473 Presentasjon av stillinga:
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som avsnittsleiar/operasjonsleiar ved seksjon for operative tenester. Stillinga inneber turnusteneste.
Seksjonen består av ni avsnitt ved operasjonssentralen, avsnitt for tenestekontor og avsnitt for telefonsentral. Samla sett vil det være om lag 75 tilsette på seksjonen, der operasjonsentralen aleine har over 60 tilsette.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Søkjarar må opplyse om dei har god helse og leggje fram helseattest på førespurnad.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Operasjonsleiar er øvste leiar på operasjonelt nivå når stab ikkje er sett
- Ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagte og hendingsstyrte oppdrag
- Avsnittsleiar med personalansvar, adminstrasjon og utvikling av eige team
- Vere ansvarleg for å planleggje dagleg drift ved operasjonssentralen når det er naudsynt
- Vere oppdatert på planverk og instruksar/tiltakskort
- Ansvarleg for oversikt over politidistriktet sine operative ressursar og kompetanse i samhandling med tenestekontoret
- Sørge for å setje i gang straksetterforsking og kvalitetssikre denne i samhandling med Felles Straffesaksinntak (FSI)
- Ansvarleg for handtering av media og for å informere innbyggjarne etter sentrale og lokale instruksar
- Ansvar for HMS på teamet
- Delta i instruksjon av eigne medarbeidarar
- Andre oppgåver pålagt av overodna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Brei politifagleg erfaring
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring
- Kunnskap om politidistriktet sitt plan- og instruksverk og styrande dokument
- Kjennskap til politiet sine data- og beredskapssystem
- God munnleg og skriftleg framføring
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
- Kunnskap om HMS-arbeid blir vektlagt
- Etterforskarerfaring blir vektlagt
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Setje retning og drive endring, motivere og utvikle medarbeidarar og skape resultater i samhandling med andre
- Gode evner til å oppnå mål og resultater
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å kunne leie og arbeide godt i team
- Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
- Evne til å handtere fleire arbeidsoperasjonar samstundes
- Ha evne til å motivere medarbeidarar og skape god samhandling og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Stillinga som politiførstebetjent SKO 0287 blir lønna i spennet frå ltr 75/ kr 695 500-,- til ltr 78/ kr 754 900,- brutto per år
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Kjersti Eidsnes, Seksjonsleiar, 55556000
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201901695
Fast stilling
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030504473&company_id=3586297857&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.