Sjukepleiar 100% Stordalstunet
Org. nr: 939396268 Stillingsident: 4263775657 Presentasjon av stillingen:
Fjord kommune har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar med snarleg tiltreding. For tida arbeid på Stordalstunet (sjukeheim) i Stordal.
Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar i Fjord kommune? Vi vil ha sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Stordalstunet ligg sentralt til i Stordal og har nært samarbeid med heimetenesta i same bygget. Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Valldal/Eidsdal + bu- og habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider nå med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget.
På sjukeheimen har ein arbeid i turnus med arbeid 3. kvar helg. Arbeidet er variert og har mange faglege oppgåver. Som sjukepleiar i Fjord kommune får du vere med på å påverke og utvikle tenesta.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
- Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
- Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
- Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
- Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
- Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
- Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
Vi tilbyr
- Garantilønn på 500 000 lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pensjonsordning i KLP.
- Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.
Kontaktinformasjon
Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Arbeidsstad
Simamarka 46
6250 Stordal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord kommune
Referansenr.:4263775657
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2020
Om bedriften
Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.