Ledig stilling som dagleg leiar PPT
Frå 1.1.2022 er det ledig 100% fast stilling som dagleg leiar ved Vest-Telemark PPT IKS.
Dagleg leiar har omlag 50% stilling til leiing, den resterande delen er i hovudsak no knytt til systemarbeid i barnehage og skule. Dagleg leiar deltek på alle møte i Forum for utdanning, eit samarbeidsforum med skule og barnehageeigar på kommune nivå. I tillegg er dagleg leiar ansvarleg for fagrådet, der fylkeskommunal PPT og er med. Vidare vil dagleg leiar ha ansvar for vidareutvikling av tverretatleg samarbeid, for å gje eit heilskapleg tenestetilbod til brukarane.
Leiaren skal bidra til ein innovativ og proaktiv teneste ovanfor dei samarbeidande kommunane, i tråd med sentrale føringar og framtidig organisering.
Leiaren har fag-, økonomi- og personalansvar, og rapporterer til styret.
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- relevant høgare utdanning (høgskule/universitet)
- leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- kunnskap om relevant lov og avtaleverk
- god skriftleg framstillingsevne på nynorsk og gode digitale ferdigheiter
- nytenkande og evne til å inspirere og motivere
- stor arbeidskapasitet, evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- personleg eigna til stillinga
Me kan tilby:
- lønn etter avtale
- tilsetjing på kommunale vilkår
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert teneste
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte medarbeidarar
- kultur for deling av kompetanse
- høve til fagleg utvikling
- godt samarbeid med barnehagane og skulane i regionen
Om oss:
- Som ein naturleg del av det nasjonale kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis har PPT mellom anna fokus på nevroaffektiv utviklingspsykologi. Dette støttar direkte opp om kommunens arbeid med inkludering i praksis. Viser til heimesida vår www.vesttelemarkppt.no
- Frå hausten 2021 er PPT med i eit FoU-prosjekt i lag med Seljord og Nissedal kommune, Østbytunet behandlingssenter og skule, samt UiO. Dette handlar om opplæring/implementering/utprøving av NME (<<The Neurosequential Model in Education>>) i Norge. Prosjektet vil vare i 4 år.
- Kontoret har etablert nettverksgrupper på ulike område, mellom anna <<Leik som regulering>> og dysleksi.
- Vi har fokus på organisasjonsutvikling med tanke på implementering av ny kunnskap både internt og eksternt.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ber om at attesterte vitnemål og attester blir tatt med i intervju.
Dei som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest .
Søkjaren må disponere eigen bil i tenesta.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til styreleiar Sverre Sæter, telefon: 99 34 08 62 eller e-post: sverre.seter@nissedal.kommune.no
Send søknad med CV til Vest-Telemark PPT, boks 43, 3836 Kviteseid eller som e-post til ppt@vest-telemark.no
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Vest-Telemark PPT er ei interkommunal teneste for kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark Fylkeskommune. Kontorstaden er i Kviteseid
Kontoret har 7 fagstillingar og 1 merkantil stilling i tillegg til dagleg leiar.
Vest-Telemark PPT arbeider med organisasjonsutvikling og individretta arbeid i barnehage, samt grunn og vidaregåande skule. Jf. Kap 5 i opplæringslova og kap. 7 i barnehagelova.