Seniorrådgjevar
Stillingsannonsen er inaktiv.Olje- og energidepartementet
Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Jobbnorge ID: 196877
Ansvarsområder og arbeidsoppgåver
Arbeidet med å følgje opp regjeringa sitt arbeid med fangst og lagring av CO2 er eit prioritert område i norsk klimapolitikk. Dette arbeidet er no inne i ein viktig fase.
Vi søkjer etter ein engasjert, analytisk og strukturert person som kan bidra i eit krevjande og viktig arbeid i skjæringspunktet mellom økonomi, politikk og jus.
CCS-seksjonen har ansvaret for å følgje opp arbeidet med Langskip, det norske demonstrasjonsprosjektet for fangst, transport og lagring av CO2. Seksjonen følgjer opp Teknologisenteret på Mongstad (TCM) og har ansvar for eieroppfølginga av Gassnova SF. Arbeidsoppgåvene vil vere innanfor alle oppgåvene til seksjonen.
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar
- Mastergrad i økonomi med gode resultat
- Kunnskap om relevant regulering og statsstøtte, samt erfaring frå kontraktsforhandlingar, økonomirapportering og prosjektoppfølging
Ønskelege kvalifikasjonar
- Erfaring frå offentleg forvalting
Personlege eigenskapar
- God rolleforståing og gode evner til tverrfagleg samarbeid og heilskapsstenking.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- God evne til å arbeide sjølvstendig og til å følgje opp og nå fastsette mål.
Generell informasjon
Vi tilbyr
- Lønnsspenn frå kr. 535 200 til kr. 750 000
- Interessante og utfordrande oppgåver i et dynamisk, tverrfagleg og trivelig arbeidsmiljø
- Spanande problemstillingar i kryssingsfeltet mellom fag og politikk
- Fleksibel arbeidstid, lønna overtid, god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Nærare opplysninger ved avdelingsdirektør Egil Meisingset tlf. 995 76 580 eller fagdirektør Kristin Myskja tlf. 934 55 995
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Olje- og energidepartementet
Adresse
Akersgata 59, 0180 Oslo
Hjemmeside
http://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/ledige-stillinger-i-departementene.html?id=451314
Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje tilrette for ein samordna og helheitleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad vere spegla av mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetnad på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsformål.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. desember 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 196877_Olje- og energidepartementet_jobbnorge
Stillingsnummer: 0abb115b-6bd2-4767-881a-332e7cf555d0