Lærarstillingar
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4198049686 Presentasjon av stillingen:
Stryn kommune har i alt 8 skular, av desse ein rein ungdomsskule og ein kombinert barne-og ungdomsskule. I tillegg kjem vaksenopplæring og kultur/musikkskule.
Det kan bli ledige stillingar ved alle skulane for skuleåret 2020/21, med oppstart frå 01.august 2020. Det gjeld både heil- og deltidsstillingar, fast og vikariat. Utlysinga er ei fellesutlysing for skulane i Stryn kommune. Kulturskulen har eiga utlysing.
Arbeidsoppgåver
Lærar ved barne-og ungdomsskulane i Stryn kommune.
Kvalifikasjonar
Krav til godkjend lærarutdanning
Vi ynskjer spesielt søkjarar som har undervisningskompetanse i basisfaga: Norsk, engelsk og matematikk. I tillegg er det særleg aktuelt med musikk og spes.ped.
Relevant praksis vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner
Personlege føresetnader
Vi tilbyr
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
Løn etter tariff
God pensjonsordning i SPK
Variert arbeid i eit positivt miljø
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Kontaktinformasjon
Kjell Solheim, Nestleiar skule- og kulturetaten, 57874752
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Stryn Kommune
Referansenr.:4198049686
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2020
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.