Tannlege - Vinje tannklinikk
Stillingsannonsen er inaktiv.Tannhelse og forebygging
3890 Vinje
Det er ledig ei 100% fast stilling som tannlege ved Vinje tannklinikk frå 01.07.2021. Me er opne for å tilpasse oppstartsdato både før og etter 1.juli. Nyutdanna tannlegar oppmodas også til å søke. For den rette kandidaten er dette ein flott mogleghet for arbeid på ein klinikk som vil gje deg eit solid fagleg grunnlag som tannlege i eit positivt arbeidsmiljø.
Me søker ein fagleg dyktig tannlege som ynskjer å bidra til å løyse tannhelsesektoren sitt samfunnsoppdrag. Du har mykje engasjement for pasientgruppene du vil møte i den offentlege tannhelsetenesta, og er interessert i å utvikle deg innan samtlege fagfelt i møte med både prioriterte grupper og vaksne betalande pasientar. Klinikkane har ein stor andel vaksne pasientar (omlag 50-60% av pasientmassa vår) og har difor eit breidt pasientgrunnlag med store moglegheiter for fagleg utvikling.
Det vert vektlagt at du er personleg egna til stillinga og me søker deg som har godt humør, er fleksibel og samarbeider godt med alle yrkesgrupper og samarbeidspartnarar. Du har digital kompetanse til å nytte fylkeskommunen sine IKT-løysingar og er motivert for å ta i bruk nye digitale løysingar.
Vinje tannklinikk ligg i Åmot sentrum, midtvegs mellom Oslo og Bergen. Busstopp til Haukeliekspressen, som køyrer til Oslo, er like ved tannklinikken. Klinikken ligg 30 min køyring frå vinterdestinasjonen Rauland og ligg i naturskjønne omgivnader som er ideelle for den som er friluftsinteressert. Vinje tannklinikk er ein moderne tannklinikk med fem behandlingsrom. Det er for tida fire tannlegestillingar, ei tannpleiarstilling, ein resepsjonist og fire tannhelsesekretærar ved klinikken. Klinikken har eit godt arbeidsmiljø som legg vekt på kompetansedeling og læring.
Eigen bil og førarkort ein fordel med tanke på køyring til ulike aktivitetar osv innad i kommunen.
Tannklinikken har ein biklinikk i Fyresdal. Ved behov/manglande bemanning i Fyresdal kan arbeid ved denne klinikken rulleras mellom tannlegane i Vinje. Ein eventuell nyutdanna kandidat vil få opplæring i Vinje før dette blir aktuelt. Litt informasjon om biklinikken i Fyresdal følger under.
Fyresdal tannklinikk ligg i sentrum av Fyresdal kommune, ca 1 t og 15 min frå klinikken i Vinje. Dette er ein einmannsklinikk, med ein tannlege og ein sekretær. Ein har tett oppfølging og nært samarbeid med fagmiljøet i Vinje. Tannpleiar frå Vinje supplerar tannlegen i Fyresdal ved behov. Klinikken var heilt nyoppussa i 2018 og har moderne utstyr i innbydande lokaler. Fyresdal kommune er også eit eldorado for den friluftsinteresserte kandidaten og kommunen har som slagord: "Gjer draumen levande". Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. I 2020 vart kommunen kåra til Noregs beste kommune å vekse opp i, basert på UNICEF Norge si kåring. Kommunen og fylkeskommunen går saman om å finne løysingar for bustad for tannlegen som blir tilsett.
Søknadfrist: 25.05.21
Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområder
- Tannbehandling i 100% klinisk stilling
- Skal kunne jobbe sjølvstendig og ha det faglege ansvaret for behandlinga som blir utført
- Bidra til dagleg drift av klinikken
- Halde deg fagleg oppdatert
- Bidra positivt til arbeidsmiljøet
Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknas.
Kvalifikasjonar
- Godkjend norsk autorisasjon som tannlege
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg og har gode kommunikasjonsevner
- Digital kompetanse til å nytte fylkeskommunen sine IKT løysingar, ser mogleghetar i ny teknologi og er motivert til å ta i bruk nye løysingar
- Gjerne erfaring frå klinisk arbeid i DOT
Personlege eigenskapar
- Ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljøt
- Fagleg dyktig og kvalitetsmedveten
- Positiv og fleksibel
- Stor arbeidslyst og arbeidskapasitet
- Samarbeider godt med alle yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
- Personlig egnethet vektlegges
Fylkeskommunen skal vere ein omstillingsdyktig organisasjon, og arbeidsgjevar tek førehald om at sektortilhøyre, stilling, arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endras ved behov.
Me tilbyr
- Spanande og varierte oppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Tilsetting og prøvetid
Tilsetting skjer på grunnlag av dei til eikvar tid gjeldande lovar, tariffavtaler og reglement. Ved tilsetting av helsepersonell, krevas godkjend norsk autorisasjon. Det er vidare ei føresetnad at du kan framlegge godkjend politiattest (ikkje eldre enn tre månader). Som hovudregel praktiserar me prøvetid på 6 månadar fra oppstartsdato.
Søke stilling
Søknad sendas via elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attestar takas med til eventuelt intervju. Me gjer merksame på at alle våre søkarar kjem på offentlg søkarliste jf Offentleglova § 25. Ynskje om fritak fra offentleggjering må du begrunne i søknaden. Dersom ditt ynskje ikkje vert innvilga, varsler me deg om dette. Fylkeskommunen er oppteken av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søke.
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordførar som øvste politiske ledar. Fylkesrådmannen er øvste administrative ledar. Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgåver innan bla vidaregående opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling, regional- og arealplanlegging. Me jobber tverrfagleg og set innbyggarane sine behov i sentrum. Til dette oppdraget søker me motiverte og endringsvillige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggarar og utviklings- og løysingsorienterte lagspelarar. Søk på stillingen
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tannhelse og forebygging
Adresse
Åmotvegen 2, 3890 Vinje
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. mai 2021
Hentet fra: hrmanager
Referanse: 100128_Tannhelse og forebygging_hrmanager
Stillingsnummer: 0a6e2ad9-5da2-4c5d-a8fa-576b2a3b53a8