Sokneprest i Jæren prosti med Klepp sokn som tenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4189839715 Presentasjon av stillingen:
Kristus for alle, felleskap og teneste for alle.
Stavanger bispedømmeråd søker etter ny sokneprest i 100 % stilling i Klepp sokn, Jæren prosti. Stillinga er ledig frå 1. september 2020.
Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Hå. Klepp sokn ligg i førstnemnde kommune. Klepp kommune og Klepp kyrkjelege fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med 4 sokn: Klepp, Frøyland og Orstad, Bore og Orre.
Klepp kommune og nabokommunane har mykje vakker natur å by på. Klepp kommune har gode tilbod innan idrett, kulturskule, etc.
Klepp sokn har 4 forordna gudstenester pr. månad. Det blir brukt nynorsk liturgi.
Gudstenestene i Klepp kyrkje følgjer normal ordning for gudstenester i Den norske kyrkja. Gudstenestene har god oppslutnad.
Kyrkjelydsutvikling, involvering og misjonal kyrkjelyd er kjerneomgrep for Klepp kyrkjelyd i sitt arbeid i åra framover. Kyrkjelyden brukar "Fokus-vekst i lokalmenigheten", eit verktøy for kyrkjelydsutvikling.
Mange frivillige er knytt til gudstenestearbeidet, diakonien og trusopplæringa.
Soknet har tilsette i fleire stillingar: dagleg leiar, barne- og familieprest, kantor, trusopplærar, 2 kyrkjelydspedagogar, sekretær og kyrkjetenar. Nokre av stillingane er felles for fleire sokn. Soknepresten har kontor på Klepp kyrkjekontor, Kleppevarden 2, 4350 Kleppe, saman med tilsette i Orre sokn. Frøyland og Orstad sokn og Bore sokn har eigne kyrkjekontor.
Klepp kyrkje er ei langkyrkje/Linstow-kyrkje bygd i 1846. Kyrkja blei restaurert i 1971. Ein kyrkjelydssal blei samstundes bygd på kyrkja. Kyrkjelydssalen vert mellom anna nytta til kyrkjekaffi, konfirmantarbeid, trusopplæring, sundagsskule o.a.
Klepp sokn har i mange år arbeid med å byggje ny kyrkje. Denne kyrkja er bestemt bygd i sentrum av Kleppe, ved sida av og delvis saman med felles areal også for Klepp rådhus. Kommunestyret har vedteke kyrkja bygd, og det nærmar seg realisering. Den nye soknepresten må rekne med å vera med i prosessen fram mot ny kyrkje.
Klepp sokn søkjer ein sokneprest som har evner til kyrkjelydsutviklande arbeid, jf. "Fokus-vekst i lokalmenigheten", s. Soknepresten må trivast med å arbeide i ein kyrkjelyd der frivillige er aktivt med å førebu og er sterkt involverte i gjennomføringa av gudstenestene, og der ein saman søkjer etter nye måtar og nye former å formidle evangeliet på (jf. arbeidsoppgåver og Personlege eigenskapar nedafor). Soknepresten vil også vere sentral i vidareutviklinga av kyrkjelydsarbeidet fram mot ferdigstilling, og når ny kyrkje står ferdig.
Soknepresten er med i mykje av kyrkjelydsarbeidet, blant anna trusopplærings- og konfirmantarbeidet.
Soknepresten er medlem av Klepp sokneråd.
Meir info: www.klepp.kyrkja.no
Arbeidsoppgaver
- Ansvar for prestetenesta i soknet i samsvar med tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
- Saman med sokneråd og stab ha fokus på visjon og verdiar i kyrkjelyden. Soknepresten skal difor:
- Gi opplæring og formidle Jesus-begeistring til barn, unge og vaksne.
- Vidareutvikle gudstenestene og andre møtestader, slik at dei vert inspirerande og utrustande møter med Gud, og der nådegåvene vert elska fram.
- Vidareutvikle det frivillige engasjementet i soknet.
- Kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.
- Saman med sokneprestane i Frøyland og Orstad, Bore og Orre sokn, ha tenesteveker etter fast turnus innanfor Klepp kyrkjelege fellesrådsområde (Klepp kommune).
- Vere med å ha andaktar på institusjonar, inkludert på nokre heilagdagar.
- Enkelttenester ved særskilte behov i heile Jæren prosti.
- Delta i gjeldande bakvaktsording i Jæren prosti.
- Delta i gjeldande beredskapsordning i Stavanger bispedømme.
Kvalifikasjoner
Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Personlige egenskaper
- Ha gode samarbeidsevner i forhold til stab, sokneråd og frivillige.
- Kunne ta initiativ, og arbeide målretta, sjølvstendig og strukturert i eit godt samspel med andre, frivillige lag og organisasjonar.
- Ha vilje til og lika tverrfagleg samarbeid og teamarbeid med stab og frivillige.
- Ha evne og vilje til å formidle Jesus-begeistring for barn, unge og vaksne.
- Kunne engasjere, utfordre, inspirere, utvikle og disippelgjere medarbeidarar.
Vi tilbyr
- Stillinga vert lønna etter gjeldande reglar i KAs lønnsregulativ.
- Prostetenesta vert utført innanfor rammene av leiaravtalen i rettssubjektet Den norske kyrkja.
- Vanlege godtgjersler etter gjeldande regulativ. Skyss- og telefongodtgjersle etter offentlege satsar. Pensjonsinnskot.
- Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for prostar i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjersler som kan påverka tenesta sine gjeremål og tenestedistrikt.
- Den som vert tilsett må ha førarkort og disponera bil.
- Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane vert difor bedne om å utforma ein eigenpresentasjon i sin søknad, som svarar på dei utfordringane som kjem fram i utlysingsteksten.
- Målforma er nynorsk.
- Opplysningar om samlivsform vil kunna bli henta inn og vektlagt ved tilsetting jf. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova.
- Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. Offentlighetsloven § 25, 2. ledd).
- Kvinner og yngre prestar vert oppmoda til å søka.
- Den som vert tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Alle søkjarar må søkja elektronisk.
Kontaktinformasjon
Gunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 90196389
Kjell Børge Tjemsland, prost, 41638048
Arbeidssted
Kleppvarden 2
4352 Kleppe
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stavanger bispedømmeråd
Referansenr.:4189839715
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020