Pedagogisk leiar - 100 %
Stillingsannonsen er inaktiv.ETNE KOMMUNE
Enge barnehage
Enge barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar på Naturavdelinga 100% stilling frå 01.10.19.
Barnehagen ligg i Etne sentrum med gode turmuligheter til skog, sjø og fjell. Me har gangavstand til Skakke der me nyttar oss av idrettshallen og biblioteket. Me har 6 avdelingar f.t. tre småbarnsavdelingar og tre store avdelingar der ein er naturavdeling. Naturavdelinga har base i barnehagen, dei disponerer buss og bil. Dei har utebase på Osnes, men drar også på andre turar. Barnehagen arbeider med "Være saman" og Inkluderande barnehage og skulemiljø og det vil vere satsingsområda våre framover.
Arbeidsoppgåver
Ped.leiar har ansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet saman med barnehagelærar og resten av personalet på avdelinga. Herunder kjem også rettleiing av resten av personalet. Ped.leiar skal arbeide for å skape refleksjon og eit godt å lærande arbeidsmiljø.
Ped.leiar på kvar avdeling utgjer leiargruppa saman med styrar og assisterande styrar og deltar i årsplanlegging, langsiktig planlegging og utvikling av barnehagen.
Ønska kompetanse:
Søkjar må ha barnehagelærarutdanning eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskule nivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Personlege eigenskapar
Det er ønskjeleg at den som vert tilsett er har god evne til samarbeid, er løysingsorientert og ser det unike i kvart barn. Barnehagen arbeider med "Være saman" og den som vert tilsett må kunne arbeide etter denne tankemåten og vere ein god rollemodell for barna og dei andre tilsette. Den som vert tilsett må vere glad i friluftsliv og like å vere ute. Den tilsette må sjå mulighetene som er i naturen for å drive godt pedagogisk arbeid. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper.
Anna:
Dei som vert tilsette må kunne vise fram gyldig politiattest før han/ho byrjar i stillinga.
Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg og skriftleg på ein god måte.
Ønskjer ikkje kontakt med rekruteringsselskap eller seljarar.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
ETNE KOMMUNE
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Enge barnehage ligg på Enge med gangavstand til sentrum, kulturhus, fotballbanar, skulen, sjøen og fleire fine turområde. Barnehagen har plass til 97 barn fordelt på 3 småbarnsavdelingar, 2 store avdelingar og 1 naturavdeling. Grunntanken for arbeidet vårt ligg i Reggio Emilie-filosofien: barnet er fødd kompetent, barnet skal takst på alvor, barnet skal vera i sentrum. Me ønskjer å sjå det unike i kvart barn.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: Etne kommune
Referanse: rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?0?784/BEAH-2019
Stillingsnummer: 0a42b19d-69b2-49f1-a014-0c3fd8378b3d