Prosjektstilling som utmarksoppsyn
Næringskontoret har ledig prosjektstilling som utmarksoppsyn frå juni 2020 - ID 1735
Søknadsfrist 06.03.20
Prosjektet vil gå over tre år.
Dette er ein jobb for deg som likar å vere mykje ute i skog og fjell - som likar å ha kontakt med andre som ferdast ute - og som kan sei i frå om det er naudsynt.
Vinje kommune vil legge til rette for at brukarar av utmarka i Vinje får nytte denne på ein god måte.
Me søkjer etter ein eller to personar som skal ha ei vertskapsrolle i høve til alle som nyttar utmarka i Vinje. Utmarksoppsynet skal ha tilsyn med beitedyr, og føre tilsyn etter anna relevant lovverk som til dømes bandtvang.
Han/ho skal vere mykje ute, og drive rettleiing og ha kontakt med folk som ferdast i utmarka om sommaren.
Det er aktuelt at oppsynet kan få avgrensa politimynde.
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Knut Martin Edland, knut.martin.edland@vinje.kommune.no