Einingsleiar/rektor ved Åseral barne- og ungdomsskule.Vil du være med å videreutvikle oppvekstarenaene for barn og unge i Åseral kommune?
Åseral kommune
4540 Åseral
Om jobben
Stillingstittel
Rektor/Einingsleiar Åseral barne- og ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
På Åseral barne- og ungdomsskule vil du som rektor leie ca. 110 elever frå 1. - 10. klasse, inkludert nyankomne minoritetsspråklege elevar.
Vi kan, vi vil, og då skal vi få det til er mottoet vårt.
Skulen har ca. 30 tilsette fordelt på pedagogar og fagarbeidarar.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Vi håper at du òg er oppteken av å skape gode relasjoner og vil forsterke våre fellesskapsopplevingar mellom anna gjennom elevmedverknad og godt skule-heim samarbeid.
Åseral barne- og ungdomsskule har eit høgt utdanna og kompetent personale. Vi legg vekt på samarbeid og profesjonsfellesskap. Som vår nye leiar må du vere oppteken av å få andre til å lukkas og å involvere dine engasjerte medarbeidare i målretta arbeid. Les meir om Åseral barne- og ungdomsskule her: https://www.xn--bus-tla.no/
Skulen skal vere ein del av eit tverrfagleg samarbeid på sektorer, samtidig som vi skal ivareta fagspesifikke målområder konsentrert rundt langsiktig, systematisk og forskningsbasert arbeid. Kompetanseutvikling og læring for alle står sterkt. Vi søkjer deg som er ein tydeleg, endringskompetent og beslutningsdyktig leiar, og som evner å skape oppslutning om skulen sitt oppdrag.
Rektor arbeider i team saman med to avdelingsleiarar (barne- og undomsskule) og skulefagleg rådgjevar. I tillegg arbeider vi tett saman med barnehagen og eininga Helse og velferd. Det ligg også føre eit godt samarbeid med oppvekstsektoren i Setesdalsregionen.
Arbeidsoppgaver
- Videreutvikle skulen sitt faglege fellesskap rundt læringsoppdraget og det systematiske og målretta arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø
- Vere ein synleg leiar som formulerer mål og forventningar for framtidas skule og har god gjennomføringskraft
- Bidreg til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar
- Driv systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette
- Leiar ei leiargruppe som mobiliserer dei tilsette sin kompetanse til beste for elevane si læring
- Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette
- Sørgje for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar
Kvalifikasjoner
- Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
- Skuleleiarerfaring vil bli vektlagt
- Skuleleiarutdanning er ønskjeleg
- God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Personlige egenskaper
- Du er ein utviklingsorientert og beslutningsdyktig leiar som evner å skape oppslutning om skulen sitt oppdrag
- Du har ein leiarstil som er prega av gode samarbeidsevner, tydeleg kommunikasjon og involvering
- Ditt arbeid er prega av målretta struktur
- Du evner å prioritere i ein hektisk kvardag
- Du arbeider strategisk med utgangspunkt i gode analyser
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Godt fagleg og sosialt miljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Utfordrande og spanande arbeidsoppåver
- Løn etter avtale
- Kommunen kan hjelpe til å finne bustad i kommunen.
- Gratis SFO
- Full barnehagedekning
Kontaktinformasjon
Kåre Einar Larsen, Kommunedirektør, 90585268, Kare.Einar.Larsen@aseral.kommune.noInger Marie Abel Austegard, kst. ass. rektor, 41689111, Inger.Marie.Austegard@aseral.kommune.no
Ellen Ubostad Haaland, HR ansvarlig, 90045127, euh@aseral.kommune.no
Arbeidssted
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4629820702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.03.2023
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2270523
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7a18c67b253d4009b3911a85da263267