Klokkarstilling i kyrkjene i Vestnes
Vestnes Kyrkjelege Fellesråd
Kyrkjene i Vestnes, 6390 Vestnes, Vestnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Klokker
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 6%
- Arbeidstid
- Dagtid, søndag
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Send søknad til
Vestnes kyrkjelege fellesråd har ledige deltidsstillingar som klokkar frå****1. januar 2026 **.**Vi søkjer etter personar som ønskjer å bidra i gudstenestene og vere ein del av fellesskapet i kyrkjene våre.
Ledige stillingar-
Klokkar for sokna Tresfjord, Vike og Vågstranda -- samla stillingsstorleik om lag 7,5 % .
Stillinga kan delast dersom fleire ønskjer å ta del, til dømes med ansvar for eitt eller to sokn kvar. -
Klokkar for Vestnes sokn -- om lag 6 % stilling.
Søkjar må opplyse i søknaden kva stilling eller sokn søknaden gjeld.
Kva gjer ein klokkar?Klokkaren er presten sin nærmaste medhjelpar i gudstenesta .
Vedkomande deltek aktivt og har oppgåver som å:
-
lese bibeltekstar, kunngjeringar og bøner
-
vere medhjelpar under nattverd og dåp
I tillegg kjem enkelte praktiske oppgåver, som førebuing før gudstenesta, teljing av kollekt og føring av enkel statistikk.
Arbeidsoppgåvene kan variere noko gjennom året, og andre oppgåver kan bli lagde til stillinga ved behov.
Arbeidsstad er primært kyrkjene, men det hender òg at det blir halde gudstenester andre stader -- til dømes ute eller i samband med særlege arrangement.
Kyrkjevergen er næraste leiar, medan presten er arbeidsleiar under gudstenester.
I Vestnes sokn er det normalt to gudstenester per månad. I dei tre mindre sokna er det som regel éin gudsteneste per månad, med noko variasjon.
I adventstida og ved særlege høve kan det vere fleire gudstenester, som blir avtalt i god tid.
Liturgisk språk: nynorsk.
Om arbeidsgjevarenKlokkaren blir tilsett i Vestnes kyrkjelege fellesråd , som har om lag 15 tilsette i små og store stillingar.
Personlege eigenskapar-
Trygg og tillitsskapande framferd
-
Gode samarbeidsevner og vilje til å finne løysingar i fellesskap
-
Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar
-
Positiv og imøtekomande, med respekt for kyrkja si oppgåve
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Stillinga kan passe godt både for ungdom (frå 15 år) som ønskjer erfaring frå kyrkjelydsarbeid, og for pensjonistar som ønskjer å bidra i kyrkja sitt arbeid.
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Pensjonsordning i KLP og tilsetjingsvilkår etter tariffavtale i KA
-
Prøvetid på seks månader
-
Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale
-
Du må vere medlem i Den norske kyrkja
-
Du må kunne snakke, lese og skrive norsk godt
-
Du må ha tydeleg og bærande stemme som eignar seg for lesing i kyrkjerom
-
Du må leggje fram gyldig politiattest
-
Du må kunne kome deg til, og mellom, arbeidsstadene på eiga hand
Meir informasjon om oss finn du her: Vestnes kyrkjelege fellesråd og på Facebook-sida for kyrkjene i Vestnes.
Kontaktperson:Hege Haugen, kyrkjeverge
928 19 059
Send søknad og CV til hege.haugen@vestnes.kommune.no innan 1. desember 2025.
Merk e-posten med <<Søknad på stilling som klokkar>>.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Klokkaren blir tilsett i Vestnes kyrkjelege fellesråd , som har om lag 15 tilsette i små og store stillingar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
09c11eb2-a565-4a6a-846b-1f8c94c18031
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
09c11eb2-a565-4a6a-846b-1f8c94c18031
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aukra Sokn
Sted
Aukra
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Møre bispedøme
Sted
Molde, Batnfjordsøra
Arbeidsgiver
Rauma kirkelige fellesråd
Sted
Åndalsnes