Idrettspedagog - arbeidsretta rehabilitering, fast stilling
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
Me har i tillegg eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent og samtaleterapeut.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Søkjarar må ha minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning; interesse og erfaring frå idrettsfagleg arbeid og erfaring frå helsevesen eller tilsvarande
- Gjerne erfaring med komplekse problemstillingar tilknytt helse og arbeid
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- Interesse for undervising og gruppeprosessar
- God skriftleg framstillingsevne
- Vilje til å gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- Leie variert aktivitet med eit pedagogisk utgangspunkt
- Individuell rettleiing, undervising og tilrettelegging i grupper
- Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet
- Gjennomføre kartlegging - og vurderingssamtaler
- Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
- Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Formidle kontakt og henvise til Frisklivssentral eller liknande tilbod
- Arbeid med epikrise for deltakarar
Me tilbyr:
- Ein interessant og triveleg arbeidsplass, med stor aktivitet og engasjement
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist: torsdag 25. juni.
For meir informasjon, kontakt:
klinikkleiar Matias I.S.W. Nielsen, tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no eller
ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 85 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonal Kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.