Kreftsjukepleier, 80 % fast stilling, Lindrende avdeling
Vi jobbar systematisk med fagutvikling og er opptatt av å levere tenester med høy fagleg kvalitet. Det er derfor nødvendig for oss å ha medarbeidarar som er fagleg engasjerte, opptatt av å gjere en forskjell for pasientane våre, og som ønsker å bidra til et godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og rettleiing av pasientar og pårørande i avdelinga slik at dei opplev tryggheit og heilhetlege, koordinerte og forutsigbare tenester.
- I stillinga ligg primæransvar for 3-4 pasientar i bo gruppa saman med en primærhjelpepleiar.
- Planlegge, prioritere og gje sjukepleie til pasientar.
- Samordne teneste med tildelingskontoret, sjukehuset, lege, pårørande og heimeteneste.
- Følgje opp og gje rettleiing til elevar, studentar og ufaglærde.
- Sørge for at tenesta følger lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis.
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i fagleg utviklingsarbeid.
- Aktivt bidra til eit godt arbeidsmiljø, helsefremmande og ein inkluderande arbeidsplass.
- Stillinga går i turnus (for tida dag/kveld),med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Oppgje HPR nr i søknad.
- Det er ønskeleg med utdanning innan eller erfaring frå arbeid med lindring til alvorleg sjuke og døande pasientar, men ikkje et krav.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøy (Visma Profil, Kvalitetssystem, GAT eller tilsvarande).
- Dokumentert norsk kompetanse, norsk prøve 3/B1.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Gyldig politiattest må fram visast ved tilsetting, denne leggjast ikkje ved søknad.
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning eller relevant praksis, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vektleggast høgt.
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer at du er strukturert, positiv, løysings- og utviklingsorientert.
- Du må like å arbeide sjølvstendig, men samtidig sjå viktigheita av teamarbeid rundt brukarane.
- Vi vektlegg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar, vere fleksibel og endringsvilleg.
- Stor motivasjon for å arbeide med pasientar som har demens.
- Du må trivast med varierte utfordringar og gje pasientane omsorg av høg kvalitet.
- Evne til å engasjere og motivere kollegar og ivareta eit godt arbeidsmiljø.
- Vere ein god rollemodell for andre.
- Personleg eignaheit til stillinga vil vektleggast ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg miljø med engasjerte medarbeidarar.
- God sjukepleiedekning.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høgt fagleg fokus.
- Todelt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Løn og arbeidsvilkår etter tariff.
Kontaktinformasjon
Maria Rieve Kristiansen, Avdelingsleder, Maria.Rieve.Kristiansen@alesund.kommune.noArbeidsstad
Skarpetegvegen 186012 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4641734346
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.06.2023
Søknadsfrist: 23.04.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.