Tilkallingsvikar som kjøkenassistent
AiR treng deg som er ein engasjert, læreviljug og positiv person, som kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre. Du må ha interesse for profesjonell kjøkendrift og gjerne ha erfaring frå matlaging.
Du vil bli sett inn i vakter som er del av ein turnus med arbeid fordelt på dagtid, kveldstid og helger.
Aktuelle kandidatar må ha funksjonell kunnskap i norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetting i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar.
Det er ynskeleg med tilsetting og opplæring fortløpande. Omfanget av vikariatet er vurdert til ca 40%, noko som vert drøfta med aktuelle kandidatar.
Søknadsfrist: 1.desember 2020
For meir informasjon, ta kontakt med kjøkkensjef Ane Killingtveit, tlf 35062800. Sjå også heimesida vår https://www.rehabilitering.no
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast via https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. Kjøkenet ved AiR er nyleg heilrenovert og er eit allsidig institusjonskjøken med spanande arbeidsoppgåver inkludert tilrettelagte diettar.