Ergoterapeut / fysioterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4405456818 Presentasjon av stillingen:
Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune består av 4,7 fastløna fysioterapeutar og 3,4 ergoterapeutar. Kommunen har òg 4,2 driftstilskot for avtalefysioterapeutar. Tenesta vert leia av verksemdleiar som òg er fysioterapeut.
Arbeidsoppgåver
Ergo- og fysioterapeutane yt tenester til brukarar i alle aldrar og i heile kommunen; både i heimar, på institusjon, barnehage, skule, poliklinisk osb. Det er samarbeid med andre faggrupper på ulike områder. Arbeidet er variert med oppgåver som t.d. kartlegging, hjelpemiddelformidling, behandling/trening. Pasientgruppa er særleg barn, funksjonshemma og eldre.
Kvalifikasjonar
- Søkjer må ha autorisasjon som anten ergoterapeut eller fysioterapeut
- Søkjar bør ha erfaring frå kommunehelsetenesta
- Søkjar bør ha erfaring med hjelpemiddelformidling
- Det er ein fordel om søkjar har erfaring eller interesse for arbeid med eldre og/eller barn
- Søkjar må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Søkjar må ha sertifikat kl B
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ergoterapeut eller fysioterapeut som er fagleg engasjert, løysingsorientert, ansvarleg og strukturert. Terapeuten bør ha fokus på og evne til tverrfagleg samarbeid, gode samarbeidsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig. Ved tilsetjing vert det lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Dette er m.a. eigenskapar som prioritering, planlegging og evne til å takle uforutsette hendingar.
Me tilbyr
Fagleg godt arbeidsmiljø, og varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Tenesta har leasingbilar og tenlege lokaler med treningsrom og behandlingsrom.
Kontaktinformasjon
Kathrine Tislevoll Nygård, 53 42 33 42, ktn@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4405456818
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.08.2021
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 20.07.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.