Sjukepleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.MORK REHABILITERINGSSENTER, Helse Møre og Romsdal HF
Rydet 16, 6105 Volda
Org. nr: - Stillingsident: 4244794649 Presentasjon av stillingen:
Mork Rehabiliteringssenter har ledig to stillinger i 100% som sjukepleier. Ved interne tilsettingar kan stillingar i lavare prosenter bli ledige.
Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal. Vi legg vekt på rehabilitering med ei tverrfagleg tilnærming og høg fagleg kompetanse som byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadane.
Mork Rehabiliteringssenter har 18 døgnplassar og gir tilbod om rehabilitering til pasientar med komplekse funksjonsvanskar. Aktuelle diagnosegrupper er hjerneslag, erverva hjerneskadar, multitraumer, følgjetilstandar etter kreft, nevrologiske lidingar og andre med behov for spesialisert rehabilitering.
Rehabiliteringssenteret dekker eit stort geografisk område og tek imot pasientar frå sjukehusa og frå kommunane i Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
Sjukeleiarane ved Mork har ei sentral rolle i rehabiliteringsprosessen. Dei sørgjer for kontinuitet ved å vere tilgjengelige hele døgnet, gjennom døgnbemanning, og dermed også sørgjer for pasientane får 24 timars oppfølging. Dei observerer og kartlegger behov for sjukepleie til alle pasientane. På bakgrunn av dette prioritere og sette iverk tiltak med mål om at pasienten aukar eller gjenvinn mestrings- og funksjonsevne. En sentral oppgåve er å motivere og legge til rette for at pasienten sjølv tek ansvar for eiga rehabilitering. Det ytes samtidig hjelp og støtte til trening der det er behov, både dag og kveld.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan rehabilitering eller andre relevante spesialiseringar som rus, meistring og myndiggjering, psykiatri, kreft.
- Erfaring frå rehabiliteringsfeltet
- Må beherska norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Dyktig til å samarbeide, motivere og skape gode interne og eksterne relasjonar
- Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- Løysingsorientert og positiv
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar innan rehabiliteringsfeltet
- Varierte arbeidsoppgåver i eit særs godt tverrfagleg rehabiliteringsmiljø
- Tre-delt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Løn etter overeinskomst
Kontaktinformasjon
Anita Myklebust Nybø, Seksjonsleiar, 70 16 89 02
Arbeidsstad
Rydet 16
6105 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4244794649
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2020
Søknadsfrist: 18.06.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
MORK REHABILITERINGSSENTER, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Mork, 6105 Volda
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Antall stillinger
2
Oppstart
10. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 19. juni 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4244794649_MORK REHABILITERINGSSENTER, Helse Møre og Romsdal HF_webcruiter
Stillingsnummer: 08f0747f-cc95-4789-a110-a01e5d17721f