Innkjøpar
Arbeidsoppgåver
- Ivareta Ulstein sin innkjøpsprosess
- Utarbeide, forhandle og kvalitetssikre innkjøpskontraktar - teknisk, kommersielt og juridisk
- Koordinere innkjøpsplanar
- Kommersielt ansvarleg for innkjøpsprosessen i salsprosjekt og tildelte gjennomføringsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Erfaring innan innkjøp
- Erfaring med maritimt utstyr frå verft, leverandørar eller reiarlag
- God teknisk forståing
- Høgare relevant utdanning eller tilsvarande arbeidserfaring
- Erfaring i bruk av relevante IT-løysingar
- Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Engasjert og interessert
- Sjølvstendig og serviceinnstilt
- Effektiv og nøyaktig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode forhandlingsevner
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og variert arbeidskvardag
- Moglegheit til å jobbe med ny teknologi
- Eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling
- Fleksitidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Inge Sleipnes, Contract, QA & Supply Chain Manager, 90063683Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4611596396
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.