Sjukepleiar, 2 vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4132494437 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du å jobbe på ei interessant avdeling med varierte arbeidsdagar og eit godt arbeidsmiljø?
Hovudvekta av pasientane har sjukdom innan hematologiske, endokrinologiske og infeksjonsretta fagfelt, som leukemi og andre blodkrefttyper, diabetes, hormonsjukdommar, og spesielle infeksjonar. Det vide spekteret av pasientgrupper gir gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire felt.
Vi har to vikariat ledige som skuldast svangerskapspermisjonar og sykdom. Desse stillingane har ulik stillingsstorleik . Vi har ledig både 3- delt turnus i 75% og nattevaktsstilling i 62,5%
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Gje/yte god omsorg for pasientar og pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar, samt nytilsette
- Samarbeid med kommunehelsetenesten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ein fordel med kjennskap til pasientgruppa, men ikkje eit krav.
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Positiv, engasjert, like å arbeide i et hektisk arbeidsmiljø
- Løysingsorientert, interessert i utvikling og jobbar systematisk
- Vere open for utvikling og samarbeid med andre instansar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå og gode moglegheiter for utvikling
- Gode kollegaer i et travelt, og godt arbeidsmiljø
- Ufordrande og lærerikt miljø med varierte og samansatte pasientforløp
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Annelin Steinsnes, Funksjonsleiar, 52732530
Lise Bruntveit, Seksjonsleiar, (+47) 52732550
Arbeidsstad
Karmsundsgaten 120
5528 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4132494437
Stillingsprosent: 75%
Startdato: 01.10.2019
Sluttdato: 01.10.2020
Søknadsfrist: 02.10.2019
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.