Pedagogisk leiar - vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4082832154 Presentasjon av stillingen:
Helstad barnehage er ein kommunal barnehage lokalisert i Strandadalen. Frå 01.01.2018 utvida vi barnehagen frå 30 til 42 plassar. Vi har ei storbarnsavdeling som heiter Blårevane og ei utvida småbarnsavdeling som heiter Raudrevane. Alderen på barna er frå ca.10 mnd til 6 år.
Barnehagen leiger eit utmarksområde som ligg i gå-/trilleavstand frå barnehagen. Området er innegjerda og utstyrt med gapahuk, grue, benkar og bord.
Helstad barnehage har eit stort uteområde med eigen ballbinge og gapahuk. Inne har vi mykje areal til leik og eigen gymsal.
Det blir ledig vikariat som pedagogisk leiar i inntil 140% stilling for tidsrommet 01.08.2019 - 04.07.2020
Det må gå klart fram av søknaden kor stor stilling søknaden gjeld. Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har saman med styrar ansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av barnehagen sine oppgåver og innhald. Pedagogisk leiar er også ansvarleg for å rettleie slik at alle tilsette får ei felles forståing av barnehagen sitt ansvar og oppgåver
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga kan fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfaget bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Flink til å kommunisere med små og store
- Kunne rettleie og motivere andre
Personlege egenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer
Kontaktinformasjon
Susam Helsem, Einingsleiar, 464 11 130
Arbeidsstad
Dalevegen 681
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenummer:4082832154
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Sluttdato: 05.07.2020
Søknadsfrist: 28.05.2019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir