Psykologspesialist/ psykolog ved Øyane DPS
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4268057950 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du å bidra i eit distriktspykiatrisk senter i vekst?
Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist eller psykolog samt eit seks månader langt vikariat ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk som psykolog. Startdato etter nærare avtale.
Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Området har 65 000 innbyggarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Vi ynskjer oss fleire fagleg engasjerte medarbeidarar som kan bidra i utviklinga av Øyane DPS og vil ha kontakt med deg som har noko du brenn for i utgreiing og behandling av psykiske lidingar.
Øyane DPS er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå sentrum av Bergen. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar kvar. Vidare har vi rehabiliteringspoliklinikk og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande ambulant akutteam.
Ved allmennpsykiatrisk poliklinikk tilbyr vi utredning og behandling for pasientar med psykisk liding av moderat til alvorlig grad. Vi tilbyr både individuell og gruppebasert behandling. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og arbeidsmiljø, og vi samarbeider om saker i tverrfaglige team. Vi har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar: Vi har kompetanse innan kognitiv terapi, korttidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, mentaliseringsbasert terapi, traumebehandling og EMDR, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og biologiske/medikamentelle behandlingsmetodar. Vi legg vekt på fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling
- Bidra i fagutvikling og forbetringsarbeid
- Rettleiingsoppgåver og samarbeid med 1.linetenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjend spesialist i klinisk psykologi
- Psykolog
- Relevant erfaring
- Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
- Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljø
- Personleg eigna for stillinga
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
- Spanande utviklingsoppgåver
Kontaktinformasjon
Nina Bjerke, Konstituert seksjonsleiar/ psykologspesialist, 56326600
Agnete Fossbakk, Forsknings- og fakutviklingsleiar/ Overlege, 56326600
Arbeidsstad
Blombakkane 75
5353 Straume
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4268057950
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2020
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.