Lærar 19/724
Bore skule har ledig lærarstilling i 100 % vikariat frå 01.08.19 til 31.07.20.
Vi søker lærar som kan undervisa i dei fleste faga i skulen.
Før tiltredelse må det, om nødvendig, leggjast fram tilfredstillande tuberkulinstatus i tråd med bestemmelsen i forskrift om tuberkolose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringsloven § 10-9 / barnehageloven § 19.
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.