Vil du jobbe med IT i eit nasjonalt tilsyn?
Org. nr: 982391490 Stillingsident: 4440909587 Presentasjon av stillingen:
Er du interessert å jobbe med teknologi og trivast i ein variert kvardag med høgt tempo?
Lotteri- og stiftelsestilsynet leverer tenester til brukarar i heile Norge. Arbeidsoppgåvene våre er alt frå brukarstøtte, kursing/rådgjeving, arbeid innan IT-sikkerheit, adgangskontroll, handtering av server- og PC-park.
Hos oss får du 14 gode kollegaer i stabseininga IT og dokumenthandtering. Åtte av oss jobbar med IT-drift og utvikling, og vi er no på jakt etter ein ny kollega som vil vere med på laget.
Fleksibel arbeidsstad er mogleg etter avtale, men du må rekne med ein del turar til Førde.
Arbeidsoppgåver
- motta, prioritere og behandle supportsaker
- jobbe med våre skyløysingar, mellom anna serverdrift og Micorsoft Azure
- bidra med nødvendig brukarstøtte og opplæring for tilsette
- samarbeide med leverandørar og samarbeidspartnarar innan IT
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan informasjonsteknologi eller IKT fagbrev med god fartstid innan IT-drift (relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning)
- god kjennskap til digitale system
- erfaring frå IT-support og kunnskap om ny teknologi, nye IT-løysingar og nye arbeidsverktøy
- kunnskap om Microsoft Azure tenester, Microsoft 365, nettverk, sikkerheit og andre skytenester
Personlege eigenskapar
- du er serviceinnstilt og løysingsorientert
- du har gode samarbeidsevner og er god til å dele kunnskap
- du er strukturert
- du trivast som lagspelar i tillegg til å jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
- eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
- positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
- gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
- medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
- fleksibel arbeidstid
- moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
- fleksibel arbeidsstad er mogleg etter avtale, men du må rekne med ein del turar til Førde
Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgjevar/seniorrådgjevar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månadar. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngje kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på «Arbeidsgiverportalen». Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.
Kontaktinformasjon
Falk Michael Tewes, Fagdirektør, 95859348, falk.tewes@lottstift.no
Vidar Fosse, seniorrådgjevar, 48283520, vidar.fosse@lottstift.no
Arbeidssted
Storehagen 1B
6800 Førde
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Lotteri- og stiftelsestilsynet
Referansenr.:4440909587
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2021
Om bedriften
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.
Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.
Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no