Leiar frivilligsentralen
En jobb med meining
Ål Frivilligsentral er ein viktig aktør for å skape kontakt mellom menneske, og eit varmare og tryggare samfunn. Som ein viktig lokal møteplass er vi open for alle, og jobbar for å inkludere alle som har lyst til å delta i ulike formar for frivillig arbeid. Under frivilligsentralen ligg ungdomsfrivilligsentral som engasjerer ungdommen til innsats og vaksne til å bidra med frivillig arbeid overfor ungdommen. Meir informasjon om frivilligsentralen finn du her, https://aal.frivilligsentral.no
Vi søkjer deg som ein trygg og synleg leiar med god relasjonskompetanse? Du har stort engasjement og evne til å utvikle sentralen, finne nye samarbeidspartnarar og gjere sentralen attraktiv for dei som vil bidreg til det frivillige arbeidet. Det vert noko kvelds- og helgearbeid.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av sentralen.
- Nettverksbygging og samarbeid med kommunen, lokale lag, foreiningar og andre lokale instansar og verksemder.
- Relasjonsarbeid med frivillige - rekruttering, oppfølging og rettleiing.
- Initiere og gjennomføre lokale arrangement og aktivitetar saman med andre.
- Ansvar for budsjett, reknskap og rapportering.
- Personal- og fagansvar for ungdomsfrivilligsentralen.
- Søke om midlar frå ulike stiftelsar og tilskotsordningar.
- Drive informasjonsarbeid og marknadsføring, mellom anna ved bruk av sosiale media.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan kultur- og idrettsfag, samfunnsfag, folkehelsevitskap eller tilsvarande.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT verktøy.
- Ynskjeleg med erfaring med frivillig arbeid.
- Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje krav.
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og systematisk.
- Relasjonsbyggar med humor og god evne til å motivere andre.
- Kreativ, fleksibel og løysningsorientert.
- Sers gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane.
Me tilbyr
- Jobb i ein kommune med et sterkt organisasjonsliv og engasjerte frivillige.
- Stort handlingsrom med høve til fleksibel arbeidstid.
- Utfordrande gjeremål.
- Flotte lokale i den nye delen av Ål kulturhus.
- Hjelp med å finne et bustad, garantert barnehageplass.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngi dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort
Om bedriften
Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Sjølv om Ål i UNICEFS rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levevilkår er rangert mellom dei 10 beste norske kommunar, jobbar oppvekstsektoren stadig med betre læring, tverrfagleg abeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Les mer om oss her.