Miljøterapeut
Stillingsannonsen er inaktiv.Emblem skule
Markastien 15, 6013 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4190897587 Presentasjon av stillingen:
Emblem skule har ledig 100 % fast stilling, med tilsetting så raskt som mogleg.
Emblem skule er ein barneskule med ca 180 elevar, og ligg landleg til ved Storfjorden ca 10 min. køyring frå Moa. Skulen ligg nært fjell og fjøre, og vi disponerer ei stor kunstgrasbane i friminutta. Skulen har fokus på at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø. Samstundes arbeider vi med fagfornyinga og dette året skulen med i piloten "Livet&sånn", eit program der vi arbeider med psykisk helse og livsmestring .
Miljøterapeuten skal arbeide tett saman med det øvrige personalet ved skulen. Tilsetjinga vil vere i Ålesund kommune, med arbeidsstad Emblem skule.
Arbeidsoppgåver
Miljøterapeuten skal vere med på å leggje til rette for eit trygt og godt arbeidsmiljø, ved å:
- arbeide inn mot grupper og einskilde elevar.
- arbeide førebyggjande på individnivå, gruppenivå, klassenivå og skulenivå.
- arbeide med elevar ut frå sakkunnig vurdering/einskildvedtak.
Kvalifikasjonar
3-åring sosialfagleg utdanning (vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom)
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som har eit sterkt fagleg engasjement og
- er glad i arbeide med barn
- er sterk på å byggje relasjonar
- har gode evner til samarbeid
- er oppteken av å vere i utvikling
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Tilsetjing i ei IA-bedrift
- Medlemskap i SPK-pensjonsordning.
- Løn etter utdanning og kvalifikasjon.
Kontaktinformasjon
Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, 70 16 51 01/ 94381290
Arbeidsstad
Markastien 15
6013 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4190897587
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Emblem skule
Adresse
Markastien 15, 6013 Ålesund
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 2. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4190897587_Emblem skule_webcruiter
Stillingsnummer: 07f940b8-fb99-48fa-b1ee-4e3361fa4506